Erling Øyasæter rodde i helga inn til to bronser under den nasjonale regattaen på Årungen (foto: Andris Hamre)

To x bronse til Erling

Erling Øyasæter viste seg fram for landslagsleiinga då han i helga tok bronse både i singel- og dobbeltsculler.

Av: Andris Hamre

Dei landslagsaktuelle utøvarane i roing har lagt bak seg årets første viktige konkurransar. Dei nasjonale regattaene, som er med på å danna grunnlaget for uttak til blant anna verdscupen.

– Eg er veldig nøgd med korleis det gjekk i helga. I regattaen for to veker sidan gjekk det litt dårleg, men denne helga føler eg at eg fekk vist meg fram for landslagsleiinga, fortel Erling Øyasæter.

Motiverande

Dei to regattaen starta med at utøvarane rodde singelsculler laurdag, for så å bli satt saman i dobbeltscullar og firar ut frå prestasjonane.

– Det handlar om at landslagsleiinga vil sjå kven som går bra saman og kva vi er gode for. Eg føler formen er stigande. Det var motiverande å gjera det bra i helga.

På laurdagens singelsculler rodde Øyasæter inn til bronse med tida 7.14.4 på dei 2000 meterane. Vann gjorde Kris Cato Thon frå Sandefjord på 7.06.09.

Søndag sat Øyasæter saman med nettopp Thon i dobbeltsculleren. Dei tor rodde seg inn til ein ny bronsemedalje med tida 6.41.4.

Klubbkompis Arne Hadler-Olsen fekk det litt tøffare på Årungen og rodde seg inn til ein tredjeplass i b-finalen laurdag med tida 7.20.9 og ein sjetteplass i dobbeltsculleren, saman med Petter Tufte. Dei to rodde inn på 6.52.3.

Rodde med og mot Tufte

I den første nasjonale regattaen siste helga i april var konkurransen av det ekstra tøffe slaget, då også eliteroerane, som Olaf Tufte, Nils Jacob Hoff og Kristoffer Brun sat på startstreken.

Øyasæter blei sett saman med Petter Tufte, Kris Cato Tohn og Patrick Een Sture i søndagens firer og rodde inn til 2. plass, berre slått av elitebåten med Martin Helseth, Nils Jacob Hoff, Oscar Helvig og Olaf Tufte.

– I løpet av dagen i dag kjem det info frå landslaget om vegen vidare. Det kan bli verdscup eller Ratzeburg, ein stor regatta i Tyskland, fortel ein spent Øyasæter som ror neste reagatta i Stavanger om fjorten dagar.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Lite stemte for Os

17. oktober 2017

Det stemte verken framover eller bakover då Os møtte Fyllingen.

bilde-midtsiden

Bil i fjellveggen

17. oktober 2017

Ein mann er køyrd til legevakt etter ulykke nær Nordvik.