
Bronsekamp på TV2
Arna-Bjørnar når målet om topp tre-plassering om dei vinn serieavslutninga på bortebane mot Kolbotn laurdag.
Osingen Åsne Takle Eide speler frå start på høgre kant. Kampen blir vist på TV2 frå klokka 13.00.
- Åsne fekk ein veldig god start hos oss. Etter å ha vore nede i ein bølgjedal tidlegare i haust har ho kome tilbake i storslag og vore veldig nyttig for oss i dei siste kampane, seier trenaren Morten Kalvenes til Midtsiden.no.
17 kampar - 6 mål
Takle Eide fekk tidleg hol på byllen etter at ho i vår debuterte i Toppserien. Sidan har det blitt speletid i 17 seriekampar, 11 frå start, og 6 mål. Til no.
- Eg har sett fleire unge talent takla overgangen frå aldersbestemt fotball til toppnivå senior bra, og Åsne er absolutt ei av dei.
- Ho tar utfordringar på strak arm og taklar også det psykiske presset bra. Ikkje berre skårar ho mål, men ho er også ei viktig brikke i mange målgjevande angrep, synes trenaren.
Trener mykje
Utanom seriespel har Åsne vore på banen i 4 NM-kampar, i den eine skåra ho heile 3 mål. Med jenter 16-landslaget har det blitt 9 landskampar og 5 skåringar på talentet frå Os.
- Det handlar ikkje berre om talent, men stor treningsvilje. Åsne er ivrig og tåler godt den høge intensiteten Toppserien krev, seier Kalvenes.
I tillegg til trening med Arna-Bjørnar blir det mykje fotball på skulen. Åsne er elev ved toppidrettsgymnaset på Tertnes har ni treningsøkter i løpet av ei vanleg veke.
Tapte heime
Gullet har allereie gått til Stabæk og Røa tar sølv. Kolbotn leier med eitt poeng framfor Arna-Bjørnar før morgondagens sisterunde.
Heimekampen mot Kolbotn i vår enda med 1-2-tap.
- No håper vi at både Åsne og resten av laget får ein god dag på banen i morgon, seier Morten Kalvenes.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no