Lokal | 19. mai 2017

– Bruk traktoren der den skal brukast!

Restauranteigar trur bondelaget sin blokade kan slå tilbake på dei sjølv.

– Bruk traktoren der den skal brukast!
Bønder frå Os var i dag med på å blokkera Coop. Restaurantdrivar Andersen frå Er-An Veikro ventar på varer frå Asko. (Foto: KVB/Hordaland Bondelag)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. mai 2017 09:28

Frå fredag morgon klokka 6 har bønder blokkert utkøyring frå lagera til dei store matvaregrossistane over delar av landet.

Bønder i Os har deltatt i blokade av Coop på Liland, melder Hordaland Bondelag, også Rema og Asko sine lager var varsla å bli blokkert, skriv BT.no.

Blokaden blei avslutta klokka 09.00. I mellomtida rakk Linda Andersen hos Er-An Veikro, som i januar var kåra til årets kunde i Asko, å bli både sint og frustrert.

• Oppdatert fredag kveld: Linda legg seg langflat

– 21 bilar kom seg ut av Asko i dag tidleg, men ikkje den med våre varer. Vi har fire leveringar i veka, i dag ventar vi på grønsaker.

– Når dei seier at dette ikkje skal ramma forbrukarane så er det feil! Berre i morgon har vi fire ulike bursdagsfeiringar i bussen, i tillegg er helgene alltid trave, spesielt no i mai.

Linda har bemanna opp dei tidene leveringane kjem, for å ta i mot varene på ein effektiv måte.

– Det er krav frå Mattilsynet om kor lang tid du kan bruka på å få varene frå bil til kjøl eller frys. No får vi ein voldsom logistikk med folk, for at dei skal stå klare når varene kjem, viss dei kjem. Det kostar tid og pengar å omorganisera dette.

Betaler dyrt for å velja norsk

Torsdag var det brot i jordbruksforhandlingane. «Regjeringa satsar ikkje på jordbruket», skreiv bondelaget på sine heimesider før aksjonane blei varsla.

– Eg blei sint og skreiv på Facebook at eg no, i det lengste, vil prøva å kjøpa mat frå utlandet. Eg har nesten ikkje sove i natt etter at eg i går kveld las om blokaden, seier Andersen.

Ho fortel om stor prisforskjell, og at utanlandske varer har godt omdømme, både når det gjeld pris, kvalitet og smak.

– Om det blir alvor av trugslane veit eg ikkje, dette var noko eg skreiv etter å ha hissa meg opp over aksjonen. Men bøndene skal veta at eg og mange andre betaler godt for å kjøpa norske råvarer, vi aksepterer prishoppet som kjem når den norske sesongen er i gang og grossistane byrjar å levera kortreist.

– Eg er frå gard sjølv, det må finnast andre måtar å forhandla på. Å driva med blokade som rammar sine eigne kundar kan fort slå tilbake på bøndene.

Får halvparten av andre

Lars Bø, melkebonde frå Voss og styremedlem i Hordaland Bondelag, forklarer bakgrunnen for aksjonen til BT i dag.

– Vi får cirka 8000 per årsverk, mens andre vi samanliknar oss med får cirka 16.000. Landbruksministeren er opptatt av at vi prosentvis får ei større auke enn andre, men det blir feil å rekna prosent når vi frå før får så lite.

Sjølv tar han tilleggsjobb for å føla at han tener nok.

– Vi må halda tritt med utviklinga innan dyrevelferd og mat-tryggleik. Det kostar pengar, og det er for lite økonomi i næringa til å handtera denne kostnadsauka, seier Bø til Bergens Tidende.

Hos Er-An Veikro er Andersen no glad for at blokaden er over, og at Asko har sagt at dei kjører utover ettermiddag, kveld og natt for å få alle varene ut til kundane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.