Lokal | 10. feb. 2016

Brutal båtsatsing i Øyane

Garvik sin tredje trimaran, større og betre utstyrt enn dei to første, har kome heim til Sundøy.

Brutal båtsatsing i Øyane
Jonny Garvik på dekk på «Brutus», som kom heim til Øyane laurdag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. feb. 2016 09:06

Bildeserie:

Brutus ligg ved Hargun sitt anlegg på Sundøy. (Foto: KVB)
Brutus ligg ved Hargun sitt anlegg på Sundøy. (Foto: KVB)
Båten blei overtatt i desember, men er nett kome heim. (Foto: KVB)
Båten blei overtatt i desember, men er nett kome heim. (Foto: KVB)
Full kontroll. (Foto: KVB)
Full kontroll. (Foto: KVB)
Med G på ryggen og ei god sitjegruppe for mannskap og gjestar. (Foto: KVB)
Med G på ryggen og ei god sitjegruppe for mannskap og gjestar. (Foto: KVB)
Mykje utstyr krev tett med kablar. (Foto: KVB)
Mykje utstyr krev tett med kablar. (Foto: KVB)
To aggregat, eitt av dei er godt støyisolert. (Foto: KVB)
To aggregat, eitt av dei er godt støyisolert. (Foto: KVB)
Båten har 600 hk frå Volvo. (Foto: KVB)
Båten har 600 hk frå Volvo. (Foto: KVB)
Oppgradert gir, Finnøy 35. (Foto: KVB)
Oppgradert gir, Finnøy 35. (Foto: KVB)
Overvaking og styring av kran på 110 tm (20 meter lang). (Foto: KVB)
Overvaking og styring av kran på 110 tm (20 meter lang). (Foto: KVB)
Den viktigaste forskjellen er at Brutus har to kranar. (Foto: KVB)
Den viktigaste forskjellen er at Brutus har to kranar. (Foto: KVB)
Båten er 0,6 meter breiare enn førre trimaran. (Foto: KVB)
Båten er 0,6 meter breiare enn førre trimaran. (Foto: KVB)
Med varmekablar i golvet og god sitjegruppe er komforten på topp. (Foto: KVB)
Med varmekablar i golvet og god sitjegruppe er komforten på topp. (Foto: KVB)
Brutus har to lugarar og overnattingsplass til fem. (Foto: KVB)
Brutus har to lugarar og overnattingsplass til fem. (Foto: KVB)
Med tre skrog og éin motor hamnar propellen i midten, noko Garvik ser som ein stor fordel. (Foto: KVB)
Med tre skrog og éin motor hamnar propellen i midten, noko Garvik ser som ein stor fordel. (Foto: KVB)
1 av 14

I 2011 kom Hargun-medeigar Jonny Garvik heim med sin første, eigendesigna arbeidsbåt, trimaranen MS «Tørris» var ifølgje reiaren den første i sitt slag.

Tre skrog og éin motor gjev både stabilitet og gode, praktiske eigenskapar, blant anna ved at det ikkje er propeller i hjørna på båten.

I 2012 blei Tørris selt, i 2014 var J Garvik AS sin trimaran nummer to, MS «Tørres», ferdig.

– Vi har hatt bra med oppdrag på Tørres, både i fjor og i januar. Hovudkundegruppa har vore oppdrettsbransjen, men båten kan brukast til mykje, blant anna var det mykje berging etter orkanen «Nina« i fjor.

– Frå 1. februar er Tørres utleigd til eit selskap frå Austevoll, men no har vi ein ny på plass med endå større kapasitet.

MS «Brutus» blei overtatt 18. desember i fjor, men det blei ikkje tid til å gå til Noreg med han før no.

Frå fiske til båtutvikling

Båten kom frå verftet i Polen til kai på Sundøy laurdag kveld. Sonane Jonn og Hans-Gustav reiste direkte til Island med MS Hargun mens Jonny tysdag viste Midtsiden rundt på den nye trimaranen.

– Tre båtar på fire-fem år, kva vil du kalla deg i denne samanhengen, ein arbeidsbåt-drivar eller ein båtutviklar?

– Det er ikkje godt seia, he, he! No er det Jonn som har styrt mest med denne, og det var heile tida snakk om at vi skulle bygga tre båtar. Det er òg meininga at vi skal ha ein båt i drift når vi er heime frå fiske.

– Det har vore ein opplæringsprosess med desse tre båtane, og eit poeng å få ferdig den tredje før 1. januar 2016, då det kom nye krav. Vi har bygd innanfor dei nye krava, men byggeprosessen har vore enklare og vi har nok sluppe ein del ekstrakostnadar som det ville medført.

Ei hjelpande hand

MS «Brutus» er 60 cm breiare enn Tørres, men det er ikkje den største forskjellen.

– Den viktigaste forbetringa er at vi har to kranar på denne. Ofte er det greit med ei hjelpande hand, ein kraftig mekanisk arm, spesielt når vi skal skifta merd på oppdrettsanlegg eller driva med avlusing.

Dei to kranane er 20 og 18 meter lange og har styrke på 110 tm og 32 tm.

– Elles er det investert i betre gir på Brutus, giren er cirka dobbelt så dyr som motoren.

– I tillegg er det fleire andre detaljar, både tekniske og i innredningen som gjer oss rusta til fleire typer oppdrag i tillegg til at det gjer dagane endå litt kjekkare for dei om bord, fortel Jonny, klar for oppdrag med nyebåten, som er den første trimaranen i Hargun-grønnfargen.

– Det var ei historie rundt Tørris- og Tørres-namna, om ein mann og ein skrivefeil. Er det også ein interessant bakgrunn for namnet Brutus?

– Vi har det litt gøy når vi sit og diskuterer namn, eg vil ikkje nemna alle forslaga i avisa. Men vi landa på Brutus. Det har vore ein og annan i familien som har hatt det tilnamnet, sånn er det vel i andre familiar òg. Men først og fremst synest vi det er eit passande namn på ein robust båt, seier Jonny Garvik.

Tekniske fakta

Lengde: 14,95 meter
Breidde: 12,60 meter
Motor: 600 hk Volvo
Gir: Finnøy 35, 3 PTO hydraulisk
Propell, diameter: 1,80 meter
Sidepropellar: To stk, 90 - 120 hk
Kranar: 110 tm (20 meter lang) og 32 tm (18 meter lang)
Vinsj og nokk: Ankervinsj 60 tonn, hjelpevinsj 6 tonn og nokk 3stk på 3 tonn kvar.
Straum: 220 og 440 Volt, 85kw og 35kw generatorar
45kw el.hydraulik pumpe.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.