Lokal | 31. mars 2015

Brygga er ledig for hyttefolket

For ein månad sidan var det ikkje éin ledig plass for hyttefolk som ville henta gjestar eller varer med båt på Halhjem. No er alt rydda vekk, men ikkje så langt vekk.

Brygga er ledig for hyttefolket
Gjestebrygga ved Halhjem ferjekai er no rydda for båtane som låg ulovleg lenge i vinter. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 31. mars 2015 11:47

– Den eine båten har lagt der i minst eit år, og no etter orkanen «Nina» er kaien rett og slett full, fortalte ein hytteeigar som kontakta Midtsiden-redaksjonen i starten på mars.

Les òg: Alle desse ligg ulovleg

Ho og andre har bruk for gjestebrygga ved Halhjem ferjekai for henting av gjestar og varer, men kom rett og slett ikkje til land i vinter.

Alle er fjerna

Rolf Nordeide hos Statens vegvesen sa han kjenner til problemet, og at det blei gjort tiltak for å få båtane vekk.

Etter at Midtsiden omtalte saka tok to av båteigarane kontakt og sa at dei ville fjerna båten sin. Minst éin av dei hadda hatt havari.

No er alle båtane fjerna og hyttefolket og andre har full tilgang til kortvarig bruk av kaien.

Flytta problemet

Os brannvesen, som både har ansvar for Os hamn og har sin eigen båt liggande ved gjestebrygga på Halhjem, seier dei ikkje har tatt ei aktiv rolle for å få båtane fjerna.

– Her har nok båteigarane sjølv tatt tak. Men ein av dei har dessverre berre flytta båten sin inn til Os hamn, der vedkomande tidlegare låg ulovleg i lang tid før den blei fjerna, seier hamnesjef Gitle Smaadal.

– På veg til Os skal den visst ha havarert utanfor Ferstad og gjort noko skade på ei brygge.

Smaadal har prøvd å få kontakt med båteigar for å få denne vekk frå Os hamn igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.