Brynjar Øvstedal på Grand Hotel Terminus i Bergen fredag. (Privat foto)

Brynjar heidra etter 40 år i Veidekke

– Det er alltid god stemning der Brynjar er, seier Ole Erstad, tidlegare læreguten til Brynjar, no formann.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

På Veidekke sitt julebord fredag 10. november, på Grand Hotel Terminus i Bergen, blei tre tilsette heidra for 40 år i firma. Martin Raa og Dag Ingebrigtsen fekk saman med Brynjar Øvstedal (57) frå Os merksemd frå scenen framfor rundt 160 kollegaer.

Leiaren som jobbar tettast med Brynjar i dag, formann Ole Erstad, var i 2006 lærling under den ruvande og høgrøysta osingen.

– Han var så engasjert at eg nesten fekk bakoversveis, men det var først og fremst gøy og lærerikt å jobba med Brynjar. Han er flink å ta seg av ungdomen i firmaet, så eg følte meg heldig, kom rett inn i miljøet og hadde det alltid livleg og sosialt på jobb.

– Brynjar har ein imponerande fysikk, eg håper eg kan vera like aktiv og sterk når eg er på hans alder, seier Erstad.

Trengte pengar til Norway Cup

Øvstedal byrja på yrkesskule i Fana i 1976. Bygg og anlegg var ny linje den gong, og han var del av første kull som tok fagbrev.

– Alternativet var skuleskipet Gand, men eg er fargeblind og i så fall hadde eg hamna i maskinrommet. Det ville eg ikkje.

• Les òg: Brynjar fyller 50 (2010)

Etter eit år på skule var det tid for å skaffa seg læreplass.

– Eg gjekk med avisa og visste at Rune Rommetveit jobba hos Brødrene Hauge (kjøpt opp av Veidekke midt på 80-talet). I staden for å putta avisa i postkassen gjekk eg opp og leverte den på døra, og spurde samtidig om å få jobb. Heldigvis blei det læreplass på meg med éin gong, for eg trengte pengar til Norway Cup seinare same sommar.

Lagunen, Ekofisk og Os Sjøfront

Det har blitt mange prosjekt i løpet av 40 år, fleire av dei med store dimensjonar. Øvstedal har blant anna vore med på å bygga Bergen Storsenter, Lagunen og Oddfjell Drilling sitt kontorbygg på Kokstad. Nokre oppdrag utanfor Hordaland har det òg blitt, som bygging av F16-hangar i Bodø og støyping av Ekofisk-vegg i Vikebygd.

I dag jobbar Brynjar på prosjektet E39 Svegatjørn-Rådal, og har for tida dagane sine i Skogafjellstunnelen.

– I starten var eg med og støypte bruene mellom Endelausmarka og Åsen.

Bruer har han bygd før. Brynjar har vore med på å bygga Mobergsbrua. For fem år sidan var han med og bygde Os Sjøfront.

– Det er kjekt å jobba i heimbygda, med kort veg til jobb og på prosjekt som du får gleden av å sjå i etterkant.

– Det er òg fint å sjå at dei rekkje flinke ungdomar no er inne i firma, også frå Os, seier Brynjar, og ramsar opp Remy André Lyssand, sin eigen son Ole Martin og bas Eivind Bøe Johannessen.

Trivst utandørs

Øvstedal seier leiinga og gode kollegaer er årsaka til at han framleis trivst god i Veidekke, og at han har halde seg i same firma i 40 år. Han var dessutan ikkje den einaste som kunne heidrast for lang teneste.

– Eg har jobba med Sogna-Bernt (Bernt Norevik), som hadde over 40 år i firma før han blei pensjonist, og eg har vore kollega med atleten John Lepsøy ein periode. Haldor Haugland frå Os byrja to år etter meg, og er framleis i same firma, og Ole Askvik har jobba her i nærmare 20 år. Eg er ikkje den einaste som trivst over tid.

– Har du vurdert å ta skule for å hamna i administrasjonen på dine eldre dagar?

– Eg har aldri tenkt tanken! Eg er ein arbeidskar, eg trivst best ute, i all slags vêr og vind. Eg liker jobben og Veidekke har alltid hatt gode lønsvilkår.

– Så no blir det fem eller ti år til?

– Eg har vore heldig med helsa, så vi får sjå. No skal vegen vera ferdig i 2022, då er eg 62 år. Kanskje er det ein passeleg alder å gje seg i, så eg rekk å gjera litt andre ting. Tunellane er ferdig før den tid, men eg håper å få jobba i heimbygda lengst mogleg.

Om du lurer på kva Brynjar fekk i gåve fredag, så har du kanskje tippa rett; ei Leeds-drakt til den store supporteren.