Lokal | 30. jan. 2017

Bubilparkeringa til fylkesmannen

Bubilparkeringa i Haugsnesfjero må til fylkesmannen for avgjerd etter at PBU støtta administrasjonen sitt vedtak.

Bubilparkeringa til fylkesmannen
Kommunen vil utvida vegen ut til moloen på Haugsneset for å få plass til parkering i fjero (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 30. jan. 2017 10:51

Bildeserie:

Slik er planen for bubilparkeringa (ill. ABO/Os kommune)
Slik er planen for bubilparkeringa (ill. ABO/Os kommune)
1 av 1
Slik er planen for bubilparkeringa (ill. ABO/Os kommune)

23. november handsama og godkjende seksjon for byggesak søknaden om rammeløyve for bubilparkeringa på Haugsneset.

Dette blei påklaga av naboar som meinte at tiltaket ikkje er i tråd med gjeldande reguleringsplan for området. Saka blei difor sendt til plan- og bygningsutvalet for handsaming.

– Vi går i mot. Det har først og fremst med vårt budsjettforslag kor vi strauk dei to millionane som er satt av til dette. Vi er ikkje negative til bubilparkering, men tykkjer ikkje den skal ligga der.

– Kven er det som eig området, er bubilparkering ei næring og kva er det regulert til? Er bubilparkering det same som parkering, undra Harald Døsen (Ap).

Same kven som parkerer

Kommunalsjef for samfunnsutvikling, Aina Tjosås, svara at rammeløyvet var i tråd med reguleringsplanen.

– Det er satt av til parkering, kven som parkerer der er likegyldig. Det vi har gjort er at vi har laga den med breie plassar, slik at det er brukanes som bubilparkering. For å overnatta i ein bubil, så må det vera større avstand til neste bil. Dette er ein parkeringsplass tilrettelagt for bubil og ein rekkje andre, svara Tjosås, som stadfesta at kven som helst kan parkera der og at det er først til mølla som gjeld.

Inga tømmestasjon

Døsen undra vidare på kva som kjem av installasjonar på området.

– Det blir vel eindel installasjonar som skal sørve desse bubilane.

– Det er ikkje mykje dei treng, kanskje litt straum. Det skal ikkje bli plass for tømming av do der ute. Det må dei gjera andre plassar, svara kommunalsjefen.

– Eg vil tru det blir eit populært område for bubilar. Det er allereie eit populært friluftsområde bortanfor der. Slik eg forstår deg så er det den som kjem først, som får parkere der. Men korleis er det tenkt å løyse blåsene som ligg utanfor der. Det er vel nokon som truleg har hevd på desse, kommenterte Terje Sperrevik (TvS).

– Vi fjernar ikkje noko, vi byggjer litt ut for å lage ein promenade i framkant. Om nokon har hevd på å leggja båten sin der, så skal dei framleis få gjera det, svara Tjosås før Frp/H/Krf sine seks representantar gjekk inn for å oppretthalde vedtaket frå adminstrasjonen. Saka blir difor sendt til fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.