Lokal | 17. des. 2014

Budsjettdebatt blei valkamp

Glenn Erik Haugland (V) og Terje Søviknes (Frp) braka saman då budsjettet for 2015 skulle vedtakast.

Budsjettdebatt blei valkamp
Glenn Erik Haugland (V) og Terje Søviknes (Frp) braka saman til valkamp då dei diskuterte budsjett for 2015 tysdag (fotomontasje: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 17. des. 2014 09:28

Sjølv om endel av innbyggjarane tykkjer det kanskje er litt vel tidleg å byrja valkampen fram mot kommunevalet hausten 2015 allereie i desember, så var det nettopp dette Glenn Erik Haugland (v) gjorde då han fortelje om venstre sitt syn på ståa i kommunen.

– Til neste år blir det eit maktskifte i Os. Då skal vi hjelpa Søviknes ned i salen, tordna Haugland i opninga av innlegget sitt før han fortsatte;

– Os har vekst, det klarar ikkje den noverande leiinga å forhalde seg til.

– Etter 16 år i leiinga er Søviknes og posisjonen trøytte, meinte Haugland som siterte delar av Bjørn Eidsvåg si tekst "Eg ser", før han presenterte det han sjølv beskreiv som eit taktskifte for Os.

– Sentrumsalliansen (V/Tvs/KrF/Sp) har ein politikk som vil klara veksten.

– Våre viktigste ressursar er born og unge. Vi må sørgje for at dei svakaste elevane får den merksemda dei fortener og at dei gode lærarane får moglegheiten til å gjera jobben sin, argumenterte Haugland som òg angrip Søviknes og Gustav Bahus (Frp) for ikkje å halde det dei lovar, med referanse til gang- og sykkelveg langs Hatvikvegen i samband med utbygginga på Bjånes.

Reagerte på kommentarane

Innlegget til Haugland, fekk Eirik André Hesthamar (Frp) til å ta ein replikk.

– Eg reagerar på nokre av kommentarane dine som er retta rett mot ordføraren.

– Når det gjeld taktskiftet du refererar til så har vi dei same tinga i vårt framlegg, påpeika Hesthamar før han ramsa opp punkta som var like.

– Det siste taktomslaget du peiker på er satsing i skulen. Vi styrkar satsinga på DUÅ (Dei utruleg åra, journ.mrk). Det er det avdelinga har beden om, kommenterte Hesthamar.

– Styrkinga av PPT er adskillig større hos oss enn Frp/H, svara Haugland til det siste.

– Overhode Ikkje trøytt

Heller ikkje Søviknes kunne la invitasjonen frå Haugland om å starta valkampen tidleg ligga.

– Eg kan betrygga Haugland om at eg overhode ikkje er trøytt.

– Det vil eg bevisa i dei neste ni og ein halv månad fram mot valet.

– Eit reellt demokrat handlar om å skapa konkrete resultat.

– H/Frp har fått styra i 16 år, ja det er lenge, men det er gode grunnar til at osingane har gitt oss tillit når ein ser resultata.

– Vi klarer å halde ord, sjølv om ein av og til må justera seg.

– Eg trur det skal vera mogleg å realisera det opprinnelege Hatvikveg-vedtaket innan 10 år. I påvente av det er løysinga med Midtbøvegen med dei tiltaka som er planlagt der ei god løysing, svara Søviknes om anklagane om å ha snudd i Bjånes-saka.

– Skil tre millionar

Søviknes peika òg på at skilnaden mellom sentrumsalliansen sitt budsjettframlegg og Frp/H sitt var på 3 millionar kroner.

– Tre millionar er mykje penger, men sett i forhold til totaliteten til oppvekst- og kultur, så snakkar vi om promiller.

– Då blir det vanskeleg å sjå at det er snakk om det store linjeskiftet, argumenterte Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.