Lokal | 14. juni 2017

– Burde ikkje vore sendt til udøypte born

Kyrkja vil spreia glede i Os, ei mor meiner invitasjonen ikkje burde vore sendt direkte til borna.

– Burde ikkje vore sendt til udøypte born
Denne invitasjonen fekk ei mor til å reagera.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. juni 2017 12:30

Laurdag vil Os kyrkjelyd ta 12-åringar i bygda med ut i Os sentrum for å spreia glede. Deltakarane skal dela ut bollar og hjelpa handlande ved den eine daglegvarebutikken med å ta varene opp i posar. Kanskje blir det òg utdeling av blomar.

– Ungane kan velja aktivitet sjølv, mange har valt å dela ut bollar. Vi har rundt ti påmeldte til no, og har plass til fleire, seier ungdomsarbeidar Lars Joar Hilleren i Os kyrkjelyd.

– Dette er eit gratis trusopplæringstiltak.

Bollar og assistanse i butikken kan spreia glede, men mora til ei av 12-åringane som har mottatt invitasjonskort frå kyrkja er ikkje nøgd med framgangsmåten.

– Det held å senda til foreldra

Den aktuelle jenta fekk, som fleire andre 12-åringar i Os, eit adressert postkort direkte i sitt namn med invitasjon til å delta på arrangementet «Godheit i sentrum». I ein eigen konvolutt er eit brev til føresette, der kyrkja fortel meir om arrangementet.

– Dottera vår er ikkje døypt, likevel får ho tilsendt invitasjon til eit kristeleg arrangement, direkte i sitt namn. Det reagerer eg på, seier mora, Kate Odsylt Sundt.

Kyrkjeverje Gerhard August Hansen seier invitasjonane berre blir sendte ut til ungar som er døypte, og til «tilhøyrande», altså born av døypte foreldre.

Både mor og far til jenta er døypte, far står framleis registrert i kyrkja.

– Dette er ei ordning eg synest er feil, at ungar automatisk skal bli innrullerte i kyrkja om ein av foreldra er der. Born som ikkje er døypte bør ikkje stå registrert i Den norske kirke, meiner mora til jenta.

Hansen forklarer registeret på denne måten.

– I medlemsregisteret til Den norske kirke står både dei døypte og deira tilhøyrande, i to ulike lister. Dette er ikkje noko vi styrer lokalt, men det er vanleg over heile landet å senda invitasjonar til begge listene.

– Dette har vi ikkje fått negative tilbakemeldingar på før, snarare tvert imot, vi har blitt kontakta av foreldre til udøypte born som har undrast over kvifor deira unge ikkje har fått invitasjon. Alle er velkomne, men vi sender berre ut til dei som står i dei to listene.

Lovleg marknadsføring?

Hansen seier at kortet og brevet har same adressat, føresette og 12-åring.

– Vi har prøvd å senda berre til foreldra, men det gav liten effekt. Dei gongane vi har sendt til invitasjonskort saman med forklarande skriv har vi hatt langt betre oppslutnad.

Mora til 12-åringen har utdanning innan marknadsføring og seier dette liknar på ulovleg reklame mot born.

– Kven som er adressat er ikkje så viktig, på kortet er det bornet sitt namn som er framheva, og utforminga er fargesprakande og tiltalande for ein 12-åring. Å senda dette til udøypte ser eg på som eit forsøk på rekruttering.

– Sist dottera mi fekk invitasjon var det overnatting det var snakk om. Ungar går gjerne og hentar posten før foreldra kjem heim frå jobb, og ho var veldig gira på dette overnattingstilbodet til ho forsto at det var kristent arrangement der ungane skulle delta i å laga gudsteneste morgonen etter. Då ville ho ikkje gå likevel, og blei rett og slett skuffa. Også på dette invitasjonskortet kjem det dårleg fram at dette er eit kristent arrangement, anna enn at avsendar er Os Kyrkjelyd, seier Sundt.

Gerhard Hansen stadfestar at det også laurdag skal vera noko trusopplæring, med lesing av tekst om den barmhjartelege samaritan.

– Men dette er ein aktivitet av kyrkja og ein invitasjon til eit gratis arrangement, ikkje ei innkalling. Den norske kirken har, i Grunnloven, status som folkekyrkja i Noreg. Då er det naturleg at vi tilbyr opplæring til døypte i tilhøyrande og at vi er inkluderande, meiner Hansen.

– Kyrkja har ikkje monopol på «godheit». Om dei ønskjer å vera inkluderande ville det vore betre om dei lagde eit religionsnøytralt arrangement, eit tverrlivsynstitak alle ungane kunne vore med på, meiner Sundt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.