Lokal | 16. feb. 2018

– Burde vore sikra med autovern

Bilførar fortel om opplevinga av å sitja på vippen med to born - og om kva han synest om Ole Bulls veg.

– Burde vore sikra med autovern
Bilen blei taua opp mens far og to små born sat i bilen. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. feb. 2018 11:53

Bildeserie:

– Her burde vore autovern, meiner bilførar. (Foto: KVB)
– Her burde vore autovern, meiner bilførar. (Foto: KVB)
I 2015 rulla denne bilen rundt i ein sving lengre oppe på same veg. Førar blei sitjande fast. (Foto: KVB)
I 2015 rulla denne bilen rundt i ein sving lengre oppe på same veg. Førar blei sitjande fast. (Foto: KVB)
1 av 2
– Her burde vore autovern, meiner bilførar. (Foto: KVB)
I 2015 rulla denne bilen rundt i ein sving lengre oppe på same veg. Førar blei sitjande fast. (Foto: KVB)

Fredag morgon hamna ein bil utfor Ole Bulls veg, på veg ned Søvikåsen.

Vitne fortel at bilen hadde svært låg fart, og at den blei ståande på vippen, nær på å rulla over på sida eller på taket. I bilen sat ein far med to ungar i barnehage- og barneskulealder.

Vitnet som kom i bilen bak festa ein stropp til bilen, faren og dei to ungane blei sitjande i bilen mens brannvesenet varsamt vinsja den opp på vegen igjen.

– Eg prøvde å gå bak til ungane for å trøysta, men merkte av bilen vippa, så eg våga ikkje. Heldigvis blei ingen skadd, og ungane heldt motet oppe mens vi berginga pågjekk.

Burde hatt autovern?

Bilførar, som sjølv driv med brøyting, har inntrykk av at Søvikåsen er lågt prioritert hos dei som brøyter akkurat denne vegen.

– I tillegg til dårleg føre er vegen dårleg sikra. Lengre oppe er det ein betongkant, men fleire av svingane er utrygge. Å hamna i grøfta i låg fart er ikkje så farleg, men om bilen byrjar å rulla kan både bil og personar bli stygt skadd.

• Les òg: Landa på taket - kom seg ikkje ut (Ole Bulls veg, 2015)

– Vi har fleire stadar vi ønskjer å sikra

Kommunalsjef Aina Tjosås seier Os kommune er klar over at Ole Bulls veg kunne vore sikra betre.

– Vi har fleire stadar vi ønskjer å sikra betre, og tar plass for plass etterkvart som vi har ressursar til det.

– Men burde Ole Bulls veg vore prioritert?

– Det er lett å ha den oppfattinga etter at det nett har vore ei ulykke der. Men vi må hugsa på at dette er omkøyringsveg, folk kan velja å køyra ein annan veg. Vi har andre stadar der behovet for sikring blir vurdert som minst like stort, og der denne vegen er einaste alternativ for dei som ferdast der.

Os kommune kan med andre ord ikkje lova at Ole Bulls veg er den første som får autovern eller andre tiltak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.