Både Statsraad Lehmkuhl, Mighty Mignolias, Blue Experience og Diamonds kjem til bryggedansen laurdag (arkivfoto: KVB)

Var på topp for 50 år sidan

– Vi rekk ikkje å øva denne veka, seier Willy Håland frå «Blue Experience», eit av to gode, gamle band som speler under bryggedansen til helga.

Av: Andris Hamre

Laurdag inviterer Os kommune til den etterkvart så tradisjonsrike bryggedansen på kaien framfor Os Sjøfront. 

Les òg: Svingende invitasjon til bryggedans 

– Vi har mykje gøy i vente. Det er mange som gler seg, og kanskje spesielt to av banda som hadde si storheitstid før årtusenskiftet...Men dei er som god vin og har nok aldri vore betre enn i dag, seier næringssjef Daniel Skotheim når han introduserar «Blue Experience» og «Diamonds», som i tillegg til Mighty Magnolias skal stå for underhaldninga.

– Gler oss

Willy Håland, trommeslagar i «Blue Experience» fortel at det er kjekt å vera på vegen att.

– Ja visst gler vi oss, men eg skal innrømma at vi er litt spente òg. Vi får ikkje tid til å øva denne veka, så vi tek det som det kjem, men eg trur folk kjem til å tykkje at det svingar, seier ein entusiastisk Håland til Midtsiden.

Blei ikkje kasta ut

Bandet tok opp att gamle kunster og byrja å spela saman igjen for 3-4 år sidan, først med øvingar i ein musikkbinge i Eikelandsosen før dei den siste tida har hatt vekentleg øving i kjellaren til Os rockeklubb.

– Vi har spelt eit par gongar inne på Fusa etter at vi starta opp att. Blant anna då Plumbo var der inne. Dei spelte halvannan time først og så spelte vi halvannan time etterpå. Vi blei no i alle fall ikkje kasta ut, ler trommeslagaren.

Håland har med seg Sveinung Osebakken (vokal), Håkon Rein (sologitar), Roald Fløysand (bass), Terje Fløysand (rytmegitar) og Knut Arild Bjørnevik (keyboard).

Creedence og Stones

Bandet speler musikk frå 60- og byrjinga av 70-talet, som Creedence Clearwater Revival og Rolling Stones.

– Det er det sama musikken som vi spelte då vi reiste rundt kvar fredag og laurdag i ein fem seks år på 60 og 70-talet og spelte på dei gode gamle bygdadansene, kor det skjedde like mykje utanfor som inne i lokalet, seier Håland.

Så gjenstår det å sjå om dei framleis har den same effekten på publikummet den dag i dag.

Staatsraad Lehmkuhl held ope skip

Like tradisjonsrikt som at det er bryggedans, er at Statsraad Lehmkuhl tar turen frå Bergen til Os.

– Dei som vil kan vera med på tokt med den staselege skuta, det er berre å reservera plass på heimesida til Statsraad Lehmkuhl. Det er mogleg å vera med frå Bergen den 17. og til Bergen den 18.

– Frå klokka 16 den 17. vil seglskuta vera open for dei som har lyst til å koma om bord ein tur og sjå, fortel Daniel Skotheim.

Serveringa under sjølve bryggedansen er det Havnechefen, Osøyro Kolonial og Oseana som står for.