Sport | 14. juni 2010

Bygdas beste gutespelarar

Os og Nore Neset har blant dei beste gutelaga i Hordaland. I går møttest dei til toppkamp.

Bygdas beste gutespelarar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. juni 2010 08:41

Bildeserie:

1 av 10

I gutar 16 er det divisjonsjustering midt i sesongen, og både Os og Nore Neset var allereie klare for opprykk til elite før sundagens toppmøte. Likevel var det noko å kjempa om på banen til Nore Neset, framfor nesten 200 publikummarar; prestisje.

- Vi er mange som har sett fram til denne kampen ei stund, seier Os-trenar Inge Reinsvollsveen.

Nore Neset - Os: 0-4 (0-2)
Målskårarar: Johannes Jordal (2), Håkon Kvittingen og Sander Kvittingen

Pangstart av Os
Det hadde knapt gått to minutt før Os tok leiinga. Johannes Jordal, som i det siste både har skåra ein del og vore omtalt som banens beste for Os sitt juniorlag, gav dei gulkledde 1-0-leiing.

- På papiret har vi eit betre lag enn Nore Neset, med Johannes og kaptein Simen Lassen som faste spelarar i junior elite. Men det var likevel spennande å møta laget som slo oss 1-0 i semifinalen i Sognefjord Lerum Cup i fjor

Nore Neset pressa
Etter den tidlege skåringa kom ein periode der Nore Neset pressa Os. Dei kom seg åleine med keeper, fekk fleire hjørnespark og frispark i god posisjon, men klarte ikkje å utlikna.

I siste halvdel av første omgang hamna ballen hos Johannes igjen. Han lurte seg rundt to forsvarsspelarar og skåra sitt andre.

- Jordal hadde ein imponerande ro framfor mål. Eg såg det på 1-0-skåringa òg, korleis han løfta blikket sjølv om spelet var trongt, fann ei luke og avslutta. Han var forskjellen på dei to laga i første omgang, meiner Nore Neset-trenar Odd Jarle Hjelle.

- I første omgang hadde det vore fortent om vi fekk eit mål eller to, i andre omgang var Os best. Piffen gjekk litt ut av oss etter 2-0-skåringa.

Før gårsdagens kamp sto begge laga med 8 sigrar og 1 tap på 9 kampar, men Os hadde 1 mål betre målforskjell. Begge laga rykker opp til eliten etter sommaren, men det var Os som blei serievinnar på vårparten.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.