Lokal | 23. okt. 2014

Bygdas beste turistsjefar

Kommunen og Os sentrum si instagram-konkurranse blei ein suksess. Her er vinnarane.

Bygdas beste turistsjefar
Vinnarane i kvar av dei fire emneknaggane #mellomfjordarogfjell, #livpåøyro, #ossentrum og #oselvaren
Andris Hamretorsdag 23. okt. 2014 09:57

Bildeserie:

Hovudvinnar og vinnar i #mellomfjordarogfjell (foto: Camilla Cziener)
Hovudvinnar og vinnar i #mellomfjordarogfjell (foto: Camilla Cziener)
Vinnar i #livpåøyro (foto: Maritha Korsnes)
Vinnar i #livpåøyro (foto: Maritha Korsnes)
Vinnar i #oselvaren (foto: Helge Svendal)
Vinnar i #oselvaren (foto: Helge Svendal)
Vinnar i #ossentrum (foto: Siw Svendal)
Vinnar i #ossentrum (foto: Siw Svendal)
1 av 4
Hovudvinnar og vinnar i #mellomfjordarogfjell (foto: Camilla Cziener)
Vinnar i #livpåøyro (foto: Maritha Korsnes)
Vinnar i #oselvaren (foto: Helge Svendal)
Vinnar i #ossentrum (foto: Siw Svendal)

I byrjinga av september lanserte Os kommune i samarbeid med Os sentrum og Midtsiden ei instagram-konkurranse for visa fram Osbygda. Håpet var å få fram korleis osingane ser på bygda si og framtida gjennom dei fire emneknaggane #mellomfjordarogfjell, #livpåøyro, #oselvaren og #ossentrum.

– Vi er kjempenøgd og overvelda.

– Osingane er dei beste turistsjefane kommunen kan ha, jublar Kjetil Osablod Grønvigh frå kultureininga i Os kommune om dei vel 360 bidraga.

Ei flott bygd

Kva er det som kjenneteikner bygda, korleis ser osingane på bygda si.

– Tre av emneknaggane var rimeleg spesifikke og retta seg mot eitt tema. Likevel var variasjonen stor i korleis folk har "tolka" dei.

– Når det gjeld "hovudknaggen" - #mellomfjordarogfjell, så er det tydeleg at vi bur i ei vanvittig flott bygd.

– Det var særs mange gode og flotte naturbileter, kanskje er det det kommunestyrepolitikarane og ein eventuell framtidig turistsjef skal selga. Det kan i allefall tyda på at det er det osingane sel når dei blir beden om å visa korleis dei oppfattar Os gjennom denne konkurransa.

– Det ligg eit uutnytta potensiale for å marknadsføre bygda her, smiler Grønvigh som håpar osingane held fram med å selga bygda si på instagram gjennom emneknaggen.

Vanskeleg val

Juryen hadde eit vanskeleg val då vinnarane skulle kårast.

– Det var inga lett oppgåve, men vi enda med å plukka ein vinnar i kvar av emneknaggane, for så å kåra ein totalvinnar av desse igjen.

– Det blei mykje diskusjon i juryrommet, smiler juryleiar Osablod Grønvigh.

Nedanfor kan du lesa juryen si grunngjeving og vurdering av dei fire vinnarane.

Totalvinnar, som får to billettar til valfritt arrangement på Oseana, blei Camilla Ziener i emneknaggen #mellomfjordarogfjell med biletet "Osmønster og strykejern".

I emneknaggen #ossentrum, stakk Siw Svendal av med eit gåvekort frå Kali hud & helseterapi for bilete "Jente på sykkel på gjestebrygga".

Framtida er representert i Maritha Korsnes sit bilete "Gut som hoppar på steinane i Baronselva" i emneknaggen #livpåøyro. For bilete vinn ho eit gåvekort frå Nordisk Rom.

Tradisjonsberaren av emneknaggane må seiast å vera #oselvaren. Her vinn Helge Svendal eit gåvekort frå Osøyro Libris for bilete "5 personar i oselvar".

Juryen si grunngjeving

Ein jury av Simen Soltvedt, avdelingsleiar for informasjon og service i Os kommune og leiar i Os fotoklubb, Laila Moberg, styremedlem i Os Sentrum, Kjetil Osablod Grønvigh, kulturarbeidar i Os kommune og juryformann og Andris Hamre, journalist i Midtsiden vurderte dei vel 360 bidraga i dei fire emneknaggane. Her er deira vurdering av dei fire vinnarane.

#mellomfjordarogfjell

Osmønster og strykejern (foto Camilla Ziener)

Fin komposisjon og fine fargar. God bruk av fokus. Juryen falt for den identiteten det tradisjonelle bunadsmønstert frå Osbunaden formidlar i kombinasjon med det moderne strykejernet. Bilete har ei god knytning til inspirasjonen for konkurransen, Ossongen. Bilete fortel ei god historie; Kor viktig er det vel ikkje å stelle godt med bunaden? Sjølv om stryking er eit herk, så må det til!

#Oselvaren

5 personar i Oselvar (foto: Helge Svendal)

Det var mange bilete av Oselvaren, men dette bilete fortel ei god historie om det å segla saman. Fine fargar og spennande perspektiv. Bilete har ei eiga ro over seg.

#livpåøyro

Gut som hopper på steiner i Baronselvo (foto: Maritha Korsnes)

Eit godt bilete som visar bruk av sentrum som leikeplass. Samtidig er dei unge særs viktige for framleis liv på øyro og guten hoppar på ein måte inn i framtida. Fin spegling i elva og farger i bilete. Bilete er eit godt døme på framtidsvisjonane for Osøyro som emneknaggen ønska å fevne.

#ossentrum

Jente på sykkel på Gjestebrygga (Siw Svendal)

Os sentrum er meir enn butikkar, noko som dette bilete er eit godt døme på. Bilete får ein til å undra; kor skal båten og kor langt har jenta sykla? Jakka på bagasjebrettet gjev god kontrast i bilete. Bilete er eit symbol på nokre av styrkene til sentrum, med nærleik til fjorden og naturen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.