Lokal | 28. mars 2018

Bygde by på fire år

Styret i Lyseparken let seg imponera over tempo og løysingar i Austerrike.

Bygde by på fire år
Styret i Lyseparken studerer ein plan over Aspern Smart City (foto: Daniel Skotheim)
Andris Hamreonsdag 28. mars 2018 06:55

I førre veke reiste styret i Lyseparken, saman med ordførar, varaordførar, rådmann og representantar frå Siemens og BKK til Aspern Smart City like utanfor Wien i Austerrike for å sjå og læra.

– Det blei ein hektisk, men interessant tur, fortel styremedlem Daniel Skotheim.

3 x Lyseparken

Aspern Smart City ligg på ein nedlagt flyplass og er på heile 2400 mål.

– Det er eit større utviklingsområde vel 30 minutt med T-bane utanfor sentrale Wien. Heile området er på 2400 mål, omlag tre gangar så stort som Lyseparken og skal utviklast med ein mix av bustader og næring.

– Det som kanskje imponerte mest er at dei berre i løpet av fire år har bygd ut omlag 25 prosent og at det allereie har flytta inn omlag 6000 menneskjer der. Det viser at ein med god prosjektstyring og -plan kan halde rimeleg høgt tempo og framdrift.

Smarte løysingar

Direktør for Aspern Smart City Reseach, Dr. Georg Pammer, var den som viste delegasjonen frå Noreg rundt.

– Dei forskar og implementerer ulike smarte energiløysingar, kor ein til dømes nyttar seg av overskotsvarme og -energi frå eit bygg til å varma opp og drifta eit anna. Mykje av det vi fekk presentert fekk vi faktisk ikkje sett, rett og slett fordi det ligg i bakken, men det er eit imponerande system og nettverk dei har bygd opp.

– Dette er lærdom vi kan ta med oss når vi no skal ferdigstille konseptutgreiinga for Lyseparken, avsluttar Skotheim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.