Bygdekinoen: Per Fugelli - siste resept

Om å leve for fullt til det heile er over

Samfunnsdebattanten og sosialmedisineren Per Fugelli blei det siste halvanna året fulgt tett av filmskapar Erik Poppe. Resultatet er eit svært personleg, humoristisk og tankevekkande portrett. 
Fugelli var kjent for sin humanisme, sin humor, sitt samfunnsengasjement og sin åpenhet om døden, noko som blir reflektert i filmen.
Fugelli kjempa mot moralisme, kroppspress, prestasjonssamfunnet og innvandringsfiendtlighet. Som debattant og medisinar sov han aldri, han var like oppteken av samfunnets, som kroppens skavankar. "Vi er alle født med flekker og feil".
"Per Fugelli - siste resept" er ein rørende og livsbejaande film om å leva for fullt til det heile er over.
Samfunnet var hans pasient, heile landet hans skrivebord, og mediene hans konsultasjonsrom. Som vår kollektive fastlege har han snakka i store, vakre bokstavar, og gjerne i krigstypar, om helsa vår.
Like på tvers som hans varemerke, sløyfa han alltid bar i halsen, plasserte han seg på tvers i den norske offentlegheit. Hans resept på å lura døden, veke etter veke, besto i å fylle livet med meining, engasjement og humor. Han hamra laus kronikkar og innlegg om sine nye funn han ville dele. Om det politiske frostsjokket som rammar Noreg, om måla for helse og lykke som blir meir og meir uoppnåelege og ikkje minst om dei sju dødsgleder. – «Det er ikke så ille som folk vil ha det til, og den som dør får se», sa Fugelli med eit leande.
Per Fugelli skreiv nesten femti bøker, utallige aviskommentarar, og han fekk ei rekke utmerkelsar. Fritt ords pris frå 2013 var hans viktigaste anerkjenning.
Møtet mellom Per Fugelli og Erik Poppe innleia det siste halvanna året av Per sitt liv. Når Per Fugelli valgte å stansa den vidare medisinske forlenginga av livet, dødsfasen, starta dei to samstundes å dokumentera siste akt og nokre av de vakraste augneblinka i Per sitt liv. – «Filmingen har gitt meg enda en mening og friske nye farger i livet. Kanskje kommer jeg til Hollywood», smilte han lurt, kort tid før han døde i september 2017.
 
 

Genre: Dokumentar
Regi: Erik Poppe
Skodespelarar: Per Fugelli, Charlotte Fugelli, Aksel Fugelli
Nasjonalitet: Norge
Språk: norsk
Lengde: 1 t. 50 min.
Sensur: Tillatt for alle
Begrunning: «Denne filmen inneholder ingen scener som antas å kunne virke skadelig på de yngste, og den blir derfor tillatt for alle.»

Søndag, februar 18, 2018 - 19:00