Bygdekinoen: Los Bando

Med live minikonsert i Oseanasalen før filmvisning!

I denne feelgood-komedien følger vi bandet Los Bando Immortale på ei fartsfylt reise gjennom landet. Med gassen i bånn og rallysjåfør Martin (Jonas Oftebro) bak rattet, må bandet bryte lovar og reglar, trosse foreldre og eigne heltar for å rekke fram til NM i rock. Drivkrafta er stor, men hindringane kanskje enno større - vil dei rekke fram i tide?
 
Originaltittel: Los Bando
Genre: Komedie
Regi: Christian Lo
Skodespelarar: Jonas Hoff Oftebro, Tage Hogness, Jakob Dyrud, Tiril Marie Høistad Berger, Nils Ole Oftebro, Frank Kjosås, Ine Jansen, Stig Henrik Hoff, Hans-Erik Dyvik Husby og Vera Vitali
Nasjonalitet: Norge
Språk: norsk
Lengde: 1 t. 33 min.
Sensur: Tillatt for alle
Begrunning: «Denne filmen inneholder ingen scener som antas å kunne virke skadelig på de yngste, og den blir derfor tillatt for alle.»
 
Fusabandet Sleepwalkers er med i filmen, og dei held gratis minikonsert i Oseanasalen frå kl. 15:40 - 15:55. Filmen startar kl. 16:00.
SLEEPWALKERS: Bandet består av Natasja Smørholm på vokal, Marius Nilsen Kleppe på el-gitar, Even Engevik Lygre på el-gitar, Andreas Nilsen Kleppe på bassgitar og Idar Rolland på slagverk. 

Søndag, februar 18, 2018 - 16:00