Sport | 04. apr. 2014

Bygger bane på Søre Neset

Ny sandvolleyballbane klar ved Lunde barneskule. – Håpet er jo at det kan vera ein fin rekrutteringsarena, seier Morten Erikssen.

Bygger bane på Søre Neset
Sandvolleyballbanen ved Lunde Barneskule (privat foto)
Andris Hamrefredag 04. apr. 2014 11:38

Søre Neset idrettslag, som er det einaste idrettlaget med aktive volleyballspelarar i Osbygda, gjer no ei ny satsing for å auke interessa rundt sporten.

Med stor grad av dugnadsinnsats er i desse dager ei ny sandvolleyballbane med internasjonale mål ferdig ved Lunde Barneskule.

– Det blir offisiell opning 10. april, fortel volleyballtrenar Morten Erikssen.

Sandvolleyballbanen er ein del av ei større oppgradering av uteområdet ved Lunde Barneskule, kor foreldregruppa, SFO-leiar, lærarar, administrasjonen ved skulen og idrettslaget er bidragsytarar til eit nærmiljøanlegg under arbeidstittelen «Lunde nærmiljø». Midla blir samla inn gjennom aksjonskvelder, som den dei skal ha 10. april.

Skjerma og inngjerda

Banen er på plass innanfor ein ringmur støpt på dugnad og med høge gjerder rundt. Erikssen skryt uhemma av Geir Lepsøe, som er mannen bak prosjektet.

– Geir har stått på og gjort ein fantastisk jobb.

– Vi andre har berre vore med å hjelpt til med dugnadsarbeidet.

– Fordelen med å få bana inngjerda er at ein slepp, som til dømes på Kuventræ, løpa langt avgarde når ein slår ballen ut.

– Ein anna ting er jo at dyr ikkje kjem inn på bane og gjer frå seg.

Gatecup og turneringar

Erikssen ser for seg ymse aktivitetar på banen gjennom sommaren.

– Vi vil jo at det skal vera eit kompistilbud der vener kan testa ut idretten.

– Kanskje noken av dei finn volleyball så artig at dei vil vera med oss også innandørs på vinteren.

– Vi kjem til å arrangere både gatecuper og turneringer for dei litt meir røynde, avsluttar volleyballtrenaren, som håpar banen kan bli ei godt aktivitetstilbud for Søre Nesingane og andre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.