Kultur | 15. aug. 2014

Bygger kunst av sand

Engelskmannen Daneel Foyer, som i det daglege helg foredrag om kroppsspråk, lærte seg å forma sand då han var på loffen på Tenerife.

Bygger kunst av sand
Daneel Foyer er godt i gang med De syv små dverger, som skal vera ferdig på Amfisenteret i morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. aug. 2014 13:35

I går byrja han å bygga, i dag har dei første av dei planlagte sju dvergane byrja å ta form ved inngangen til Amfisenteret.

– Sanden fekk eg i Os. Det var ein hjelpsam Kristian Borgen frå Brødrene Borgen som sendte både bilde og video av sanden på epost til Moss før eg bestilte.

– Den er litt grov, så det er ikkje duka for så fine detaljar, men sterk og kjem til å stå nokre dagar etter at eg i morgon er ferdig, seier Foyer.

Starta med arroganse

Daneel, som er fødd og oppvaksen i England, var ikkje interessert i kunst då han gjekk på skule. Men då han som 19-åring haika seg rundt i Europa, og etter ei stund landa på Tenerife, hamna han ved slump i kontakt med ein sandkunstnar.

– Han bygde ein jesusfigur på stranda og folk gav myntar til han. Sjølv var eg overbevist om at det var lureri, at han hadde ein kamerat han hadde gravd ned i sanden. Det var så realistisk, eg syntest til og med eg såg at sandskulpturen pusta.

Etter å ha stått og spita med kunstnaren ei stund, ifølgje han sjølv på ein litt arrogant måte, forsto han at sandsklupturen faktisk ikkje var eit tildekt menneske.

– Vi fekk ein fin tone, eg og kunstnaren, og eg fekk jobb av han som nattevakt så ingen skulle øydelegga sandkunsten hans. Eg heldt fram i jobben i ein månad, og på dagtid hjelpte eg til med å bera vatn.

Dårleg debut

Seinare gjekk turen til fastland-Spania, framleis på jakt etter jobb, og Daneel tenkte at han i mellomtida kunne sjå om han hadde lært nok til å tena nokre pesetas på å laga kunst i sanden han òg.

– Den første skulpturen blei forferdeleg dårleg, ler han.

– Men så konsentrerte eg meg om å bli betre frå skulptur til skulptur, og etter ei stund blei det ganske bra.

Daneel heldt fram med å bygga kunst i sanden i fleire år. Også etter at han møtte ei norsk kvinne og flytta til Moss blei det oppdrag.

– Eg bygde sandskulpturar på fleire kjøpesenter, men no har eg nett kome i gang igjen etter eit opphald på fem år.

Kunst og kroppsspråk

Han liker best å forma ansikt og skal i morgon vera ferdig med De syv små dverger. Snehvit blir det ikkje tid eller plass til. Skulpturen skal ifølgje senterleiar Anne Kristine Tøsdal stå nokre dagar etter at den har blitt ferdig.

– Vi fekk tilbod på epost og slo til. Eg synest dette er eit kjekt og nytt bidrag, seier Tøsdal.

Mens kunst i sand har blitt ein hobby, som Daneel i desse dagar praktiserer på AMFI Os, har han spesialisert seg på andre ting som har med ansikt og kropp å gjera.

– Eg held kurs i kroppsspråk, både for seljarar, tollvesen og skular, seier Foyer.

Neste kurs i Bergen blir i oktober.

– Eg skulle starta med psykologi-studie, men ville heller spesialisera med på dette med kva vi seier utan ord.

«People communicate by sms. They read the words in your message and you read theirs, but you often misunderstand each other’s tone, think they’re serious when they’re joking. We use smiley faces as a strategy to avoid the miscommunications. I kind of had to learn to do the same face to face» skriv Foyer på sine heimesider.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.