Næringsliv | 03. juni 2016

Bygger om butikken på Osøyro

Etter å ha halde stengt søndagane i mai skal Joker i Os sentrum no gjennom ei tilpassing for vidare søndagsdrift.

Bygger om butikken på Osøyro
Butikksjef Anders Kvist ser fram til å opna søndagane igjen. Men først er det stenging og tilpassing i fire dagar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. juni 2016 07:33

Søndag 1. mai kom kundane til stengte dører hos Joker i Os sentrum.

«Grunnet uklarheter rundt søndagsåpne butikker og tolkning av gjeldende lovverk, velger vi å holde stengt på søn- og helligdager inntil videre» sto det på eit ark på døra.

Dei andre søndagsopne butikkane, inkludert Joker på Søfteland, var framleis opne.

– Det er kjeda sentralt som har tatt initativ til denne gjennomgangen av arealet. Vi er naturlegvis interesserte i å følgja regelverket, sa Anette Grønby Rein, informasjonsansvarleg i Kjøpmannshuset Norge AS, til Midtsiden i starten på mai.

Stenger for ombygging

I dag informerer Joker om stenging fire dagar neste veke, frå måndag til torsdag, for tilpassing av butikken. Butikken opnar igjen fredag om ei veke, då også klar for søndagsope i helgene som følgjer.

– Vi har hatt ei stor auke i omsetnad i år, ein del av det er truleg grunna riving og nybyggg av Kiwi på Haugsneset. Søndag er vår viktigaste dag, så det skal bli godt å få denne tilbake, seier butikksjef Anders Kvist.

Han vil ikkje ut med nøyaktig kor mange kvadratmeter som må kuttast, men seier det er gjort fleire målingar og at dei frå neste helg garantert skal vera innanfor regelverket som har vore mykje diskutert i riksmedia denne våren.

Kompakt og koseleg

Kroken inn til høgre, der frukten er i dag, blir fjerna som salsareal. Det blir òg fleire justeringar.

– Hyllene blir stilt motsett veg, vi får hurtigkassar og det blir eit noko større areal med stolar og bord der folk kan ta seg ein kaffi og ein prat før dei går vidare.

– Butikken vil nok opplevast som ny og vi ser spesielt fram til å få desse sitjegruppene på plass. Det er noko som har vore etterspurd, fortel Kvist.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.