Sport | 02. jan. 2015

Bygger seg opp til ny sesong

Mats Cato Moldskred er ganske nøgd med starten i Kongsvinger og har brukt juleferien heime i Os til knallhard vintertrening.

Bygger seg opp til ny sesong
Mats Cato Moldskred pressa opp fullt magasin på Actic i romjula. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 02. jan. 2015 08:35

Etter nedrykk med svenske IK Brage i Superettan for eit drygt år sidan, kom Mats Cato Moldskred (28) heim igjen til Os Fotball. Men i august blei det klubbskifte og opp ein divisjon.

Han spelte cirka 10 kampar i Oddsen-ligaen i haust. På desse kampane blei det eitt mål og tre assist.

– Eg er ikkje så nøgd akkurat med dei tala, eg satsar på at det blir betre neste sesong, seier Mats Cato.

Målet kom i hans tredje kamp for klubben.

Sjølv om han kom frå Superettan til Os og 3. divisjon så var det litt temposkifte å koma til Oddsen-ligaen.

– Du legg om tempoet litt etter nivå og motstandarar så eg føler eg brukte litt tid på å koma opp igjen på nivået divisjonen krev.

Trener tre timar per dag

– Det har blitt bra med trening i juleferien. Eg har trent 5-6 økter med Os og drive mykje eigentrening.

– Bortsett frå eit par fridagar rundt julaftan så har eg trent kvar dag. Det har stort sett blitt styrke og symjing, men også noko løping, til saman tre timar per dag.

– Fortener å vera på høgare nivå

Moldskred fortel at han trivst veldig godt i Kongsvinger, både i byen, i klubben og i opplæring hos brannvesenet.

Ordninga med hospitering hos brannvesenet var blant det som fekk Moldskred til å gå frå Os midt i sesongen. I jobben får han opplæring, kurs og erfaring, der målet hans er å få nok vakter til å kvalifisera for opptak til Norges brannvernskole.

– Eg kjøpte ein leilegheit då eg flytta bort her, og har berre fem minutt å gå til sentrum og same avstand til stadion.

– Klubben driv veldig profesjonelt. Dei har ein god arena, bra publikum og ein god organisasjon. Vi fortener å vera i toppen av førstedivisjon, meiner han.

I 2014 landa dei på 4. plass i 2. divisjon, 9 poeng bak serievinnar Jerv.

Kontrakt ut året

Mats Cato teikna kontrakt ut 2015. Om han går tilbake til Os er uvisst.

– Men det er nesten 100 prosent sjanse for at eg vil spela for Os igjen, seier Moldskred.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.