Lokal | 11. jan. 2017

Bygger vidare på tidlegare uttaler

E39 Stord-Os: Ordførar Marie Bruarøy (H) svarer på påstandane om løftebrot og bruk av partipisk.

Bygger vidare på tidlegare uttaler
Ordførar Marie Bruarøy (H) seier dei byggjer vidare på tidlegare uttaler gitt i saka om E39 Stord-Os (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 11. jan. 2017 08:12

Temperaturen rundt E39 Stord - Os, og då spesielt omkring ilandføring av bru over Bjørnafjorden i Kobbavågen i Søre Øyane, tilspissar seg, noko som dei siste dagane har kome til uttrykk gjennom fleire lesarinnlegg i lokalpressa. Der blir posisjonspartia Høyre og Fremskrittspartiet mellom anna skulda for løftebrot, og at dei svinger partipisken over kommunestyrerepresentantane sine.

– Eg har lese desse påstandane, men kjenner meg ikkje igjen i dei, svarer ordførar Marie Bruarøy (H).

Spisser uttalen

Bruarøy meiner fleirtalet la premissane for ilandføring i Os då kommunen gav uttale om midtre trasé i 2013, og gjentok dei då planprogrammet var til handsaming i juni 2015.

Sjå Midsiden si samleside om E39 Stord-Os

– Desse premissane står vi ved. Når vi no skal handsama saka torsdag, så byggjer vi vidare på det framlegget til uttale som kjem frå plan- og bygingsutvalet (sjå nedst i saka, journ.mrk), men H og Frp vil koma med eit fellesframlegg kor vi spissar det ytterlegare.

Så skånsomt som mogleg

Blant tinga dei vil påpeika i høyringsuttalen er at anleggsvegen ut til og i Kobbavågen, tidsperioden og omfanget må gjerast mest mogleg skånsomt, dei ber òg vegvesenet koma med ulike ilandføringspunkt for gang- og sykkelvegen som skal førast over land og preisere at fyllinga for tunnellen som skal gå under Øyane må koma lengst mogleg ut i fjorden og at det må bli passasje for småbåtar inn mot land og til Kobbavågen.

– Når dette til sjuande og sist står ferdig så må vi hugsa på at det ikkje blir ein bilveg til Kobbavågen, men ein gang- og sykkelveg.

– Desse tinga har vegvesenet sagt at dei skal komma tilbake til i neste fase av prosjektet, sjølve reguleringsfasen. Vi må ha forståelse for at dei ikkje har kome lengre i detaljane no, men vi ønskjer likevel å presisera desse tinga no, slik at dei tek omsyn til det i detaljreguleringa.

Svinger ikkje pisken

Bruarøy understreker at det ikkje er snakk om bruk av partipisk i saka.

– Dette er ein statleg plan, kor vi i kommunestyret skal koma med ein høyringsuttale. Vi i Høyre har aldri hatt tradisjon for bruk av noko partipisk. Det gjer vi ikkje denne gongen heller.

– Vi har hatt konstruktive diskusjonar i gruppa og med våre samarbeidspartnarar i Frp og kome fram til ei høyringsuttale som vi meiner tek vare på osingane sine interesser på best mogleg måte.

PBU sitt framlegg til uttale

Dette er fremlegget til uttale som er fremma frå plan- og bygningsutvalet og som H/Frp vil gjera ytterlegare presiseringar i på morgondagens møte:

«Os kommune har følgjande merknader til Statleg kommunedelplan for ny E39 Stord – Os:

Os kommune har følgt planarbeidet tett og har hatt fleire møter med arbeidsgruppa i Statens vegvesen. Vi opplever at samarbeidet har vore godt og at våre innspel er tatt på alvor. Det planforslaget som no ligg ute på høyring har i stor grad tatt opp i seg dei merknadene Os kommune har kome med. Os kommune ønskjer difor å følgje det vidare planarbeidet tett og ber Statens vegvesen legge til rette for gode lokale medverknadsprosessar. Os Kommune er glad for at SVV har teke intiativ til å ha opne kontordagar lokalt i Os der lokalbefolkninga kan få møte sakshandsamarane i vegvesenet og slik drøfte enkeltsaker. Kommunen ønskjer og å kunna ha andre typar møteplassar med SVV i det vidare planarbeidet.

Os kommune støttar Statens vegvesen i deira tilråding om å velje alternativ B, bru over Bjørnefjorden og lang tunnel frå Øyane og til Moberg, men ser klare utfordringar både med ilandføring i Søre Øyane og i området Moberg-Svegatjørn.

Os kommune støttar Statens vegvesen om at ein jobbar vidare med utvikling av 3 ulike brutypar og at endeleg avgjerd om brutype over Bjørnafjorden må takast på eit seinare tidspunkt.

Når det gjeld ilandføring ved Søre Øyane og overgang frå bru til tunnel ber Os kommune om at inngrepa i denne flotte skjærgarden blir så små som mogleg og at det blir bakt inn naudsynte avbøtande tiltak både for å redusere lyd og dempe det visuelle inntrykket.

Tilrettelegging for syklande har vore ei viktig føring i planarbeidet og noko Os kommune støttar. I det vidare planarbeidet ønskjer vi at det vert lagt til rette for eit gjennomgåande godt tilbod for syklande frå Søre Øyane til Svegatjørn.

Når det gjeld av- og påkjøring mot sør på Moberg vil Os kommune be om at av- og påkjøringsfelta blir vurdert flytta lenger mot nord.

Os kommune vil be om at det blir grundig vurdert om ikkje meir av den infrastrukturen som blir bygd i dag mellom Teinevika og Svegatjørn kan nyttast i det nye veganlegget og som del av framtidig av- og påkjøringsfelt. Dette for å redusere trafikkbelastinga i Industrivegen.

Når det gjeld daglinje over Ulvenvatnet vil Os kommune be om at det vert jobba vidare med å finne gode løysingar for å dempe ulempene av det store veganlegget både visuelt og støymessig i høve eksisterande bustader og offentlege funksjonar som ligg i området.»

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.