
T-krysset mellom Byvegen og Prestegardsskogen blir erstatta med ei tre-arma rundkøyring i løpet av hausten (fotomotasje: Google Earth/Andris Hamre)
Byggestart til sommaren
Ved årsskiftet signerte Os kommune og Statens vegvesen avtala som finansierar den nye rundkøyringa på Byvegen ved Amfi Os.
- Det er eit spleiselag kor vi lokalt går inn med 4 millionar kroner.
- Tre frå Amfi gjennom Forretningsbygg AS og ein million frå kommunen, fortel ordførar Terje Søviknes (FrP).
Dei siste to millionane for å få prosjektet som er kostnadsrekna til 6 millioner kjem gjennom dei ordinære fylkesvegmidla under forutsetning av at det blir vedteken i Fylkestinget.
- Du er ikkje redd for at pengane frå fylket ikkje kjem då?
- Nei, dei ligg inne i den regionale transportplanen som truleg skal handsamast i Fylkestinget i mars, så dei er eg trygg på kjem.
- Formuleringa i avtalen er ei standard formulering som nyttast når saka skal handsamast hjå fylket, forklarar Søviknes.
Ferdig til hausten
I avtalen kjem det fram at planlagt oppstart på prosjektet er sommaren 2012 med ferdigstillelse i løpet av hausten.
- Eg veit at Amfi gjerne hadde sett at rundkøyringa blei ferdig tidlegare, men no kjem den.
- I tillegg til å letta ut og innkøyringa til senteret er det like viktig at bebuerane i området bak og rundt senteret får ein betra trafikksituasjon når rundkøyringa kjem på plass, avsluttar ordførar Terje Søviknes.
Statens vegvesen, Region Vest, står som byggherre på vegne av Hordaland Fylkeskommune. Om kostnadane overstig dei 6 millionane er det vegvesenet som må ta ekstrarekninga. Byggeplan for prosjektet er under utarbeiding.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no