Når du har kontorfellesskap med stylistar blir det ikkje noko å seia på innreiinga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Byr på spansk og norsk frå nytt kontor

BO Eiendomsmegling, Style Din Bolig og ZiCasa Eiendom Spania hadde opningsfest fredag.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I slutten av november blei det klart at første leigetakar i tredelt lokale etter S. Tvedt sin jernvare, hadde signert kontrakt.

Bergen Omland (BO) Eiendomsmegling AS har sikra seg lokalet, som ligg rett ved Os terminal, og har med seg to andre eigedomsrelaterte selskap i det 110 kvadratmeter store lokalet.

– Vi hadde ambisjonar om å opna første veka i det nye året, men det sto litt arbeid igjen før vi kunne opna, seier Åge Gulbransøy.

Reknar med travlare dagar

Det står framleis litt innreiing igjen. Blant anna skal det opp nokre LED-skjermar i vindauga, som skal visa prospekt til dei som går forbi.

Fredag klokka 10 var det likevel ferdig nok til at dørene kunne opna og første arbeidsdag ved nytt kontor kunne gjennomførast.

– I ettermiddag har vi ein liten opningsfest med inviterte gjestar, fortel Siv Bruvoll frå ZiCasa og Style Din Bolig.

Begge seier det har vore ein travel dag, med mange som har kome innom, og trur det å vera på gateplan i sentrum kan skapa auka aktivitet.