Sport | 17. mars 2016

Coach frå Texas har tru på quarterback frå Os

– Om Lauritz Lekven får seg ein periode i USA kan han koma tilbake som ein av dei beste quarterbackane i Nord-Europa, meiner Mark Reeve.

Coach frå Texas har tru på quarterback frå Os
Lauritz Lekven saman med coach Mark Reeve (midten) og islandske Phillip Pálsson (t.v.). (Foto: Erlend Haukeland og privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. mars 2016 18:56

Mark Reeve har 39 år bak seg som ungdomscoach i Texas. Han har undevist i amerikansk fotball på high school og college som han har tatt til delstatsfinale og fleire semifinalar før han for nokre år sidan trente Åsane Seahawks.

Siste helga i februar var han tilbake i bergensområdet, saman med fleire coachar frå Tyskland, for å ha treningsleir i Nordhordlandshallen. Der beit han seg merke i quarterbacken Lauritz Lekven frå Os.

«God given talent»

Reeve har sett Lauritz i aksjon før, då han for to år sidan var heilt fersk.

– Utviklinga har vore enorm, både med fart og fotarbeid. Han tar veldig godt til seg instruksjon, er audmjuk og har gode haldningar, meiner den prisløna amerikanaren.

– Er det sjanse for at ein norsk gut som byrja med idretten etter at han fylte 10 år kan klara seg mot amerikanarar som har vakse opp med å kasta ball i bakgården med far?

– For det første vil han uansett utvila seg fortare og betre med gode medspelarar og motstandarar rundt seg. Om Lauritz får eit godt opphald i USA vil han koma tilbake som ein av dei aller beste quarterbackane i Nord-Europa, meiner Reeve.

– For det andre så har han noko som er vanskeleg å læra frå seg, han har ei forståing for spelet som gjer at han tar gode val. I tillegg har han god høgde, ein sterk arm og veldig gode leiareigenskapar.

Kraft og taktikk

– Eg var dårleg i fotball og eg var dårleg i handball, påstår Lauritz Lekven, som fyller 16 år i år.

Som 12-åring stilte han på open dag hos Os Wolverines på Kuventræ, for å prøva noko nytt. Det gav meirsmak.

– Det var hardt, men det blei eg fort vant med.

– Kva er det du liker best med idretten?

– Den er så samansett og intens, det er kraft og kroppskontakt, men òg strategi, fart, teknikk og taktikk.

Er litt amerikansk

Å seia at Lauritz har amerikanske genar er nesten rett. Alle dei fire besteforeldra hans er frå Noreg, men faren er fødd i USA og har amerikansk statsborgarskap. Lauritz har både norsk og amerikansk statsborgarskap.

– Pappa sin amerikanske bakgrunn har nok påverka meg. Eg har hatt amerikansk fotball sidan eg var liten og pappa, som òg har jobba i USA, har ofte kameratar på besøk og vi ser amerikansk fotball saman.

Etterkvart som han blei eldre har Lauritz blitt sitjande å sjå NFL-kampar åleine, når far har vore i Nordsjøen, søndag kveld frå klokka og utover.

– Det er litt vanskeleg å ikkje sjå alle, men eg prøver å gje meg. Den siste kampen startar klokka tre om natta, seier Lauritz med eit lurt smil.

Konsentrasjon og ro

Den første sesongen måtte Lauritz stå over grunna kneskade, den andre blei svak med mange tap.

– «No kjem quarterbacken frå Os» skal trenarane mine ha sagt før eg gjekk til Seahawks. Dei nye medspelarane mine trudde sikkert at eg var god, men eg var jo heilt fersk, seier Lekven og ler.

Han blei likevel fort god nok. I haust gjekk dei heile vegen til NM-finalen med Åsane Seahawks U15-lag.

Les òg: Tre frå Os til NM-finale

Som quarterback er Lauritz kaptein på Noregs nest beste ungdomslag.

– Jobben min er å ta beskjedar frå trenaren ut til gutane på feltet, og å ta ein peptalk mellom slaga.

– Andre liker gjerne å hausa opp stemninga, og det er greit når du speler defensivt. Men når vi har ballen prøver eg å skapa ro og konsentrasjon i laget, å få alle fokusert på oppgåvene sine.

Opp ein klasse

Før campen i Nordhordlanshallen var Lauritz saman med Christian Detjen og Alexander Moberg Brinchmann-Hansen, begge er seniorspelarar frå Os og tidlegare trenarar av Lauritz, i Tyskland på camp.

– Nivået er veldig høgt i Tyskland og det blei ein veldig lærerik tur. I tillegg til treningane med juniorane fekk eg vera med på seniorøktene på kveldstid. Det var heldigvis mest om taktikk, så eg styrte unna dei mest brutale taklingane, fortel Lauritz.

Kvart kalenderår har to sesongar og 30. april startar vårsesongen. Åsane Seahawks skal spela mot klubbar i Oslo, Bærum, Sarpsborg, Eidsvoll og Haugesund innan serieavslutninga 25. juni.

– Vi er opp ein klasse no, til U17, men har berre eit par spelarar fødd i ’99, så vi får det nok tøft.

Vurderer USA

Mens landslaget har lagt merke til han og veteranen Reeve seier at «the sky is the limit» går stortalentet frå Os med ein liten draum om å få seg eit opphald i USA.

– Eg vurderte å søkja gymnas for å bli utvekslingselev andreåret. Men eg vil bli tømrar og er så skulelei at eg vil rett i lære.

Lauritz håper likevel han finn ein måte å få seg eit år over there, eventuelt ein summercamp for quarterbackar.

– Uansett er eg topp motivert for å trena og spela vidare i Noreg. Utviklar eg meg vidare så har eg nok å strekka meg etter om eg ser i retning Tyskland òg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.