Øving og øving

Kjetil Vasby Bruarøy
onsdag, september 2, 2009 - 10:17

- Vi er på øving, stadfesta Os brannvesen då Midtsiden.no ringte for å sjekka ut eit tips som kom inn klokka 17.50 tysdag ettermiddag.

Brannvesenet rykte ut til den nye moloen på Moergsneset, og redningsdykkarar gjekk i sjøen kort tid etter. Men det var altså ikkje for å redda liv.

Dei siste dagane har det også vore uvanleg mange utrykkingar for politiet. Også der er det snakk om øving.

- Kvart femte år har vi re-godkjenning av personell som kjører utrykking ved kontoret, og dette omfattar store delar av dei tilsette ved kontoret, opplyser Audun Hadler-Olsen.

Éi pulje var i sving på måndag, ei anna i dag. Med seg i bilen har dei sensor, som reiser til alle kontora i Hordaland for re-godkjenning.

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no