Kontaktinformasjon

Kjetil Vasby Bruarøy
Øvre Varåsen 91
5200 Os

Mobil/SMS/MMS

+ 47 90 78 92 70
kjetil@midtsiden.no

Tips oss

Fredag 30. Juli

20 påmeldte til no

midtsiden
Ellen Merete Lyssand på Allaktivitetshuset. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
onsdag, januar 20, 2010 - 14:58
UKM: Frist for påmelding er fredag. Her er dei 20 ungdomane som til no har meldt seg på.

Sundag 7. februar blir årets UKM arrangert i Fjellheim. UKM, Ungdomens kulturmønstring, er for ungar og ungdom mellom 10 og 20 år.

- Det er ikkje berre musikk og dans som er aktuelt, det kan vera alt frå diktlesing og standup til ulike typar kunst, seier Ellen Merete Lyssand frå Allaktivitetshuset.

8 innslag - til no
Både grupper og enkeltpersonar kan stilla. I fjor sto 19 personar for 13 innslag, til no har 8 innslag av til saman 20 personar meldt seg på. Fristen går ut førstkomande fredag.

- Innslaget bør vera på maks rundt fem minutt. Frå den lokale mønstringa kan vi senda til saman 20 minutt vidare til fylkesmønstringa, fortel Lyssand.

Berre dei frå 13 år og opp kan sendast vidare til fylkesmønstringa.

Dobbeltsjanse
I år er det dobbeltsjanse. Dei som ikkje blir sendt vidare til fylkesmønstringa kan få opptre når Mot inviterer til storsamling i Os 19. april.

Då kjem blant anna Askil Holm frå Hallelujah-kameratane til Os for å underhalda, men også lokale artistar får opptre for ungdomsskuleelevane i Os og andre Mot-skular.

Her er Os sine UKM-sider

DESSE HAR MELDT SEG PÅ TIL NO
(I tillegg har Lyssand regisrert 5 ufullstendige påmeldingar, så fleire er nok på veg)

Port Royale (Musikk - rock)
Lepsøy , Even (11)
Benjaminsen, Sondre (12)
Johnsen, Hans marius (13)
Strønen søfteland, Lars (13)

NN (Musikk - Rock)
Lepsøy, Tommy (15)
Skarding, Håkon (14)
Lepsøy, Silje (18)
Stokke, Knut- Anders (15)

Marita Sperrevik (Litteratur - Dans)
Sperrevik, Marita (15)

Misery of Mine (Musikk - ROCK)
Berge, Benjamin (15)

Madeleine Berge Midtseter (Musikk - sang og gitar)
Berge midtseter, Madeleine (15)

Rikke , Aurora og Julie (Dans - jazz/hiphop/moderne)
N. Norstrand, Rikke (13)
Roman, Julie (13)
Aksnes, Aurora (13)

Ingrid, Marthe og Annika (Dans - Ballett)
Os, Annika Svendal (11)
Haga, Marthe Rein (11)
Rosvold, Ingrid Lyssand (11)

Latterlig (Teater - sketsj)
Røssland, Veronika F (14)
Moberg, Kristianna L (14)
Lygre, Andrea H (14)

Annonse

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no