Kontaktinformasjon

Kjetil Vasby Bruarøy
Øvre Varåsen 91
5200 Os

Mobil/SMS/MMS

+ 47 90 78 92 70
kjetil@midtsiden.no

Tips oss

Fredag 30. Juli

255 heilt utan arbeid

midtsiden
Arbeidsløysa i Os vaks frå 2,4 til 2,8 prosent på éin månad. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
mandag, februar 1, 2010 - 13:03
Frå desember til januar blei det 36 fleire arbeidslause i Os. Arbeidsløysa er høgast blant unge menn.

I Midthordland (Os, Fusa, Samnanger og Austevoll) auka arbeidsløysa med 150 personar frå desember til januar. Målt i prosent var endringa i heilt ledige i Os kommune frå 2,4 % av arbeidsstyrken i desember til 2,8 % i januar. I Fusa kommune var endringa frå 0,9% til 2,2%.

- Det er normalt at arbeidsløysa går noko opp i januar, då mange kontraktar ofte går ut ved utgangen av året. I januar kjem også mange nyutdanna ut i arbeidsmarknaden, fortel fylkesdirektør Anne Kverneland.

I Os auka talet på heilt ledige arbeidssøkjarar frå 219 til 255 frå desember 2009 til januar 2010. Tar vi med dei som er på tiltak auka talet frå 272 til 303 personar.

Arbeidsløysa høgast blant dei unge
5,6 prosent av arbeidsstyrken mellom 20 – 24 år i Hordaland er arbeidsledige.

– Utdanning og kvalifisering er viktig for at denne gruppa skal komme i arbeid. No er tida inne for å orientere seg om moglegheitene for utdanning, då søknadsfristen for skulane går ut om få månader, seier Kverneland Bogsnes.

Det er også fleire arbeidsledige menn enn kvinner. Arbeidsløysa blant menn er 3,7 prosent, medan arbeidsløysa blant kvinner utgjer 2,2 prosent. Dette heng mellom anna saman med at menn i større grad enn kvinner jobbar i konjunkturutsette næringar.

Fleire langtidsledige
2892 hordalendingar har vore arbeidsledige i eit halvt år eller meir. Dette er ei auke på 71 prosent sidan same månad i fjor.

– NAV har mange kvalifiseringstiltak for å få arbeidsledige ut i arbeid att. Vi tilpassar heile tida tiltaksbruken i forhold til behovet i arbeidsmarknaden. Vi ventar å auke tiltaksbruken i 2010, seier Kverneland Bogsnes

I følgje dei siste prognosane frå NAV kan arbeidsløysa på landsnivå auke med i gjennomsnitt 13 prosent i 2010. NAV Hordaland reknar med ei auke på 24 prosent.

Andre sentrale tal
• Arbeidsløysa er høgast i dei sentrale bydelane i Bergen. Det er også der bruken av arbeidsmarknadstiltak er høgast. Arbeidsløysa er
  minst i indre Hardanger.
• Talet på heilt og delvis permitterte er per januar vel 1700.
• I Midthordland er arbeidsløysa høgast innan industri og innan bygg og anlegg.
• Det er fleire arbeidsledige innan ingeniør- og IKT-fag enn tidlegare. Her aukar arbeidsløysa i med 52 prosent samanlikna med same
  månad i fjor.

Annonse

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no