5 gull til Os

midtsiden
Åsmund Slettevold gjorde som vanleg reint bord. Her under treningsleir i Oshallen før jul. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
mandag, februar 1, 2010 - 00:39

Deltakarar frå Os Karateklubb tok til saman 8 medaljar i årets første vestlandscup.

Laurdag gjekk årets første vestlandscup i karate av stabelen. 102 deltakarar kjempa i kamp og kata i Laksevåghallen, dei eldste kjempa også om medaljar.

Os Karateklubb hadde 16 deltakarar på stemnet, 7 av dei 11 som deltok i klassar med finalar tok med seg medalje heim.

Åsmund Slettevold vann kadettklassen i både kamp og kata, Henrik Reed-Larsen vann juniorklassen i kamp, Tonje Skeie Hjelle tok sølv i seniorklassen og Bjarte Storum vann -75 kg senior. Roy Åge Alvheim slo klubbkamerat, veteranen Trond Blomberg i finalen i den største seniorklassen.

I tillegg gjorde fleire av dei yngre deltakarane det godt i sine kampar, ikkje minst Benjamin Fimreite, som tok bronse i ungdomsklassen.

HER ER DELTAKARANE FRÅ OS (resultat i parantes)

Barneklassane

Henriette Grindeland
Kristian Blomberg (vann begge kampane sine)
Tiril S. Haaland (vann alle tre kampane sine)
Mathias Sørensen
Martin Mjånes

Ungdomsklassane:
Katrine Grindeland
Sandra Lunde
Gutter ungdom bronse Benjamin Fimreite

Kadett, junior og senior
Åsmund Slettevold (gull i kata og kumite, kadett)
Henrik Reed-Larsen (gull i kamp, junior)
Tonje Skeie Hjelle (sølv i kamp, kvinner senior)
Bjarte Storum (gull i kamp, -75 kg senior)
Stian Nilsen (4. plass i kamp, +75 kg senior)
Trond Blomberg (sølv i kamp, +75 kg senior)
Roy Åge Alvheim (gull i kamp, +75 kg senior)

Annonse

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no