|
Kjetil Vasby Bruarøy
fredag, september 25, 2009 - 13:06
|
Fredag 18. september vann Overflatesenteret AS ankesaka mot nabo Jan Lepsøe (les relatert sak under). No vil advokatane til Lepsøe anka dommen i lagmannsretten til Høgsterett.
- Vi var i møte hos advokatformaet Harris i dag, og dei er fast bestemte på at dette er slett arbeid, så vi ankar saka, seier Ann-Elin Lepsøe Berge.
Det er advokat Pål Magne Bakka som fører saka for Lepsøe.
- Det er med andre ord ikkje sikkert at denne dommen blir rettskraftig, seier Berge.
- Dette står dei jo fritt til å prøva på, men no blir det spennande å sjå om dei får anka opp for Høgsterett, er Bjørn Orrebakken frå Overfletsenteret AS sin kommentar.
Det er advokat Per Ludvig Erland som fører Overflatesenteret AS si sak.
