|
Kjetil Vasby Bruarøy
onsdag, mars 17, 2010 - 23:11
|
Det er venta 13 mm nedbør i form av regn torsdag og heile 40 mm fredag. Det får geologen frå Norconsult som Os kommune brukar til å anbefala stenging.
- Det har ikkje gått fleire ras etter førre fredag, men det gjer vel at vi har meir i vente, fryktar seksjonsleiar for samferdsle i Os kommune, Arne Håkon Rød.
Tidlegare onsdag ettermiddag stengte Søvikåsen grunna steinras. Søvikåsen var stengt i førre veke grunna frykt for ras og er saman med Øvredalsvegen stengt til etter synfaring torsdag.
- Korleis reagerer folk på sperringane og opningane av desse vegane?
- Det har gått fint til no. Eg har møtt éin som har klagd for at Søvikåsen var stengt i førre veke, for han hadde aldri opplevd ras der. I dag gjekk raset. Vi prøver berre vera varsame, og det ser det ut til at folk forstår, seier Rød.
Sperra, men open
Han legg til at Øvredalsvegen, som er einaste veg ut for dei åtte husstandane i Øvredal, ikkje fysisk er sperra av.
- Er det krise så kan dei kjøra på vegen, men på eige ansvar. Vi har dessutan kontakt med dei, eg har sjølv ringt til alle i dag og sagt at vi stenger igjen.
