|
Gjest
søndag, februar 14, 2010 - 17:48
|
- Vi fekk først melding om at det brann i ei lita hytte på Berge. På veg ut blei det korrigert til å vera brann i eit uthus som sto berre en halv meter frå hytteveggen, fortel varabrannsjef i Os, Arne Monsen, om brannen sundag ettermiddag.
Vaktlaget var raskt på plassen og fekk kontroll over brannen.
- For oss var det viktig å forsøka å hindra brannen i å spreia seg til hytta. Heldigvis var det vindstille, så det klarte vi, fortsett varabrannsjefen.
No driv vaktlaget ettersløkking og passar på at det ikkje blussar opp igjen. Politiet er og på plassen for å etterforska kva som starta brannen.
