Kontaktinformasjon

Kjetil Vasby Bruarøy
Øvre Varåsen 91
5200 Os

Mobil/SMS/MMS

+ 47 90 78 92 70
kjetil@midtsiden.no

Tips oss

Fredag 30. Juli

Betonggutta vann plass!

midtsiden
Betonggutta: Kjartan Svendsen, Hans Leganger Fjell og Eirik Håland Berglund. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
mandag, mars 1, 2010 - 11:58
I rein Northug-stil spurta Betonggutta sundag inn til plass i TV Norge sin One Call Winter Camp.

- Eg skjønar ikkje kva som skjedde, men i løpet av dagen i går så rann det inn med stemmer, seier Os-spelar Kjartan Svendsen.

Les òg:
Vil på camp med TV Norge (der du også kan sjå presentasjonsfilmen deira)

Ved midnatt sundag gjekk fristen for å stemma ut, og etter å ha fått fleire hundre stemmer i løpet av kvelden stakk Betonggutta av med den fjerde og siste plassen på campen, berre 10 stemmer framfor Blåbærgjengen.

- Det var heilt utruleg, og veldig deilig å vakna i dag og veta at vi klarte det!

No håpar Svendsen på å få fri frå fotball i ei veke for å vera med kameratane frå Fusa på camp i Nord-Noreg med TV Norge.

Topptur, heliskiing, kjøring med snøskuter og to døgn saman med Sjøforsvaret er blant det dei fire laga får vera med på i campen som varar frå 22. til 28. mars.

Annonse

Relaterte saker

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no