|
Kjetil Vasby Bruarøy
lørdag, mars 13, 2010 - 16:21
|
- Sjansane for at politiet finn ut kven som står bak skadeverket er nok mikroskopiske utan publikum si hjelp, trur Jørgen.
Då han var ferdig på jobb på Europris fredag ettermiddag var ikkje bilen lenger så fin som då den blei parkert. Den har fått fleire riper i døra og på baksjermen, i tillegg er antenna knekt og det eine speglet tatt vekk.
- Bilen sto mellom Brun og Blid og Jernvaren. Det er ikkje lenge sidan ein annan bil på Amfisenteret sin parkeringsplass blei utsett for noko liknande.
I dag var han og meldte hærverket til politiet. No håpar han nokon kan hjelpa med tips.
