Kontaktinformasjon

Kjetil Vasby Bruarøy
Øvre Varåsen 91
5200 Os

Mobil/SMS/MMS

+ 47 90 78 92 70
kjetil@midtsiden.no

Tips oss

Fredag 30. Juli

Bingen klar for opning

midtsiden
Kjetil Grønvigh (på trommer) hadde tysdag med seg kameraten Dan-Jarle Køhler Raustein på øving med tre jenter frå ungdomsklubben. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
onsdag, mars 3, 2010 - 08:30
Musikkbingen på Kuventræ blir offisielt opna laurdag som kjem. I går var vi med eit ferskt band på øving. Sjå film og fleire bilde.

- Då eg opna for at ungdom som er interessert i musikk kunne vera med i bingen for å øva var det tidleg ein gjeng som meldte seg, seier Kjetil Grønvigh frå Os Rockeklubb.

SJÅ FILM OG FLEIRE BILDE NEDST I ARTIKKELEN

Kjetil jobbar på Allaktivitetshuset kvar tysdag. Som «andeleg leiar» for Os Rockeklubb, som driftar den nye musikkbingen til Os kommune, får Grønvigh mykje med unge musikarar å gjera i tida som kjem.

Lagde band
Nokre av dei musikkinteresserte ungdomane, fire jenter og to gutar, samla seg i eit nytt band. Bandet er førebels utan namn, men har tre vokalistar, ein gitarist, ein saksofonist og ein trommespelar. Då Midtsiden.no var med på øving tysdag kveld var to av vokalistane, Anja Birgitte Søreide og Kristine Haugland, og gitaristen Jenny Andersen, på plass.

- Sidan ikkje heile bandet er med steppar eg inn på trommer. Heldigvis fekk eg også med meg Dan-Jarle på bass, seier Grønvigh.

Lærer fort
Anja fortel at ho ikkje har sunge for framande før, medan Kristine har erfaring frå nokre musikalar. Jenny har spelt gitar i fem år, og var stødig på bandets versjon av Wet Wet Wet-slageren «Love is all around».

- Eg er imponert over kor mykje dei har lært på nokre få tysdagar. Desse ungdomane er gode eksempel på korleis bingen skal brukast. Neste låt dei skal øva inn er ein jazza versjon av Metallica-låta Enter Sandman, seier Kjetil.

Open for alle
Laurdag 6. mars er det offisiell opning av musikkbingen på Kuventræ. Då kjem både ordførar Terje Søviknes og kultursjef Lisbeth Axelsen. Dei unge rockarane i Abstractium blir husband for dagen.

- Vi har opning klokka 13.30 og ope hus fram til klokka 17, seier Kjetil, som er glad for det nye tilbodet til unge musikarar i bygda.

- I rockeklubben er kapasiteten ofte knapp, derfor har fleire unge band fått tilbod om å øva her i staden. Bingen er i hovudsak for ungdom under 18 år frå Os, og dei kjem, uansett sjanger, til duk og dekka bord, seier Kjetil.

Han har sjølv har stått ansvarleg for innkjøp av utstyr og instrument.

- Personlege instrument som gitar og bassgitar har vi ikkje, men om nokon vil låna vekk eller donera noko til bingen blir vi sjølvsagt glade for det.

Om musikkbingen
• Dansk idé, som fekk namnet «Det plutselige øvingslokalet», DPØ
• Bergen fekk den første musikkbingen i 2000, i dag er det rundt 50 slike i Noreg
• Består av to konteinarar som saman utgjer eit øvingslokale på rundt 25 kvadratmeter
• Bingen er akustisk tilpassa, lydisolert og utstyrt med straum og golvvarme
• Musikkbingen i Os er utstyrt med trommesett, keyboard, songanlegg og forsterkarar til bass og gitar
• Pris: 350.000 kroner
• Norsk Tipping og Musikkutstyrsordningen dekkar kvar sine 100.000, kommunen betalar resten
• Os kommune fekk sin musikkbinge rett før jul i 2009

Under bilda kan du sjå ein filmsnutt av bandet som øver på «Love is all around».

Annonse

Kommentarer

Ikkje dumt

Det er jo ett kjempe tiltak for musikk interessert ungdom må jeg si. kansje det er på sin plass å nevne at det kan høres ut som om at det blir brukt flittig i nær fremtid :)

Av Josef 03/03/2010 - 09:32

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no