Blei brøyta inne

midtsiden
Denne veggen av snø møtte hytteeigaren på Drange. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
onsdag, februar 3, 2010 - 10:47

Snuplassen på Drange har ein stikkveg som brøytemannskapet har oversett.

- Eg har kanskje ikkje den lengste lunta på Drange, men eg blei ikkje sint, eg måtte berre le, seier hytteeigaren som møtte veggen sundag morgon.

På veg til Os frå hyttefeltet på Lysodden trudde ho ikkje sine eigne auge då ho kom til snuplassen ytst på Drange. Der låg nemleg ein velplassert haug med snø, midt i vegen.

- Det er fleire stikkvegar frå snuplassen. Det er riktignok innkjøring forbode for uvedkomande til hyttefeltet, ein veg som også er sperra av med bom. Men det er framleis ein veg, og vi har fleire som brukar den, spesielt i helgene.

I staden for å ringa og kjefta på brøytemannskapet ringte ho etter hjelp til å spa seg fri. Men ho håpar at dei som brøyter på Drange kan legga snøen ein annan plass neste gong det kjem snø.

Annonse

Kommentarer

Bombe.

Hallo. Vi blir da brøytet inne hver gang brøytebilen har kjørt ! Stakkars de som kjører brøytebiler hvis de skulle brøytet vekk snøen fra alle avkjørsler fra hovedveien. Da hadde det blitt klaging da, for de måtte jo brukt laaaang tid på å bli ferdige med runden sin. Nei vi får være glade så lenge hovedveiene er brøytet og heller ta et tak selv og. De selger hendige spader på Europris som er grei å ha i bilen nå i disse snøtider ;)

Av Bestemor 02/05/2010 - 10:04

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no