Kontaktinformasjon

Kjetil Vasby Bruarøy
Øvre Varåsen 91
5200 Os

Mobil/SMS/MMS

+ 47 90 78 92 70
kjetil@midtsiden.no

Tips oss

Fredag 30. Juli

Blodig vårteikn

midtsiden
- Narkomane kan godt bli flinkare til å rydda etter seg, meiner ein Midtsiden-lesar. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
onsdag, mars 10, 2010 - 20:09
Ei småbarnsmor fann denne sprøyta med blodig spiss ved Os barneskule onsdag ettermiddag.

- Foreldre, lærarar og elevar bør vera varsame! seier ei mor som onsdag ettermiddag fann ei brukt, blodig sprøyte ved Os barneskule.

- Eg gjekk på tur forbi skulen med ungane mine då eg såg at det var noko som stakk opp frå snøen. Den var nok brukt ganske nyleg, trur ho.

Kvinna lirka sprøyta og spissen opp i ein tom sigarettpakke som låg i nærleiken, så ikkje nokon skulle stikka seg på den.

- Det er ikkje første gong, både rundt skulen, i Os sentrum og i busskuret ved Elvebakken har eg fleire gongar sett brukte sprøyter. Det er irriterande at narkomane slenger frå seg sprøytespissar på denne måten, det må kunna gå an å ta dette med seg om dei absolutt må gå gatelangs og stikka seg, meiner ho.

Samstundes åtvarar ho andre foreldre mot å lata ungane leika kvar som helst, og ber lærarar passa godt på uteområdet til skulen.

- Vegen forbi Os barneskule ser utsett ut, her ser eg ofte sprøyter. Det går tydelegvis ofte narkomane forbi. Men dei bør skjerpa seg.

Annonse

Kommentarer

Brukte Sprøyter

Jeg har overhodet ikke noe i mot narkomane,men oppfordrer de som junker å ta med seg bruker utstyret sitt...Har selv 3 små barn som skal utforske allt...Det kan jo ikke være vanskelig å ta med seg utstyret sitt!!! Ville vært forjævlig om noen små uskyldige mennesker stakk seg og evt fikk hepatitt C.
Det er lov å tenke selv!

Av Miss Chevy 03/11/2010 - 10:23
sprøyter

dette er ikke holdbart , alle rusavhengige må her skjerpe seg, dette tyder på at det er svært unge mennesker som gjør, de som er noe eldre har en bedre holdning til og levere sprøyter i beholdere som en har hjemme eller på apotek. her trengs en alvorlig skjerpings. til de de møtte gjelde. gå på apotek og fæ dere beholder til sprøyter og bruk den. husk at det ikke er lenge siden dere var barn selv og plukketpå alt pa bakken. fy og fy

Av jes37 03/11/2010 - 08:40

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no