Bråk på Bar2Be

midtsiden
Vaktane ved Bar2Be trengte assistanse fleire gongar i natt. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
søndag, juni 13, 2010 - 10:55

Politiet kjørte ein osing i fyllearresten og gav seks austeuropearar marsjordre ut av Os sentrum.

I 00.30-tida natt til laurdag fekk politiet melding om ein vanskeleg gjest på Bar2Be.

- Vedkomande var så rusa og lagde så mykje kvalme at patruljen valte å ta mannen, som er i 20-åra, med seg for overnatting i arresten i Bergen. Han blir også meldt for å ordensforstyrrelse, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Ragnar Lyssand.

Drygt to timar seinare fekk politiet melding om slåssing utanfor den same utestaden.

- Fleire litauarar slåss med kvarandre, men roa seg litt då politiet kom fram. Seks personar fekk ordre om å fjerna seg frå Os sentrum, noko dei etterkom. Ingen blir meldt, opplyser Lyssand.

Utanom bråket i sentrum har politiet fått klage på støy frå fleire festar i Os og Askvik i natt.

Annonse

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no