|
Kjetil Vasby Bruarøy
tirsdag, mars 23, 2010 - 11:32
|
Måndag kveld spelte Os treningskamp mot Baune på Kuventræ. Kampen enda 3-3 (1-2).
- Igjen så har vi det meste, om ikkje alt, av banespelet, men vi viser dessverre også at vi ofte er litt for dårleg organisert i forsvarsleddet når vi har ballen i eige lag. Vi blir for sårbare på overgangar, seier Frank Hellevik.
Underhaldande i angrep
Ballen langs bakken og høgt tempo, den spelande stilen Hellevik tok med seg til Os har blitt løfta til endå meir underhaldande angrepsfotball. I går fekk vi sjå mykje klikk-klakk-fotball kombinert med ro og konsentrasjon, smarte og litt modiga val.
- Det positive frå kampen i går er måten vi styrer den på. Men i forhold til motstandaren er eg ikkje nøgd med resultatet, seier trenaren.
- Vi har nok for mange som melder seg på i angrep, slik at vi blir i undertal bak om vi mister ballen. Kjekt for publikum å sjå på, men ikkje så kjekt for ein trenar. Dette skal vi jobba med i vekene før seriestart.
Skryt til gamleklubben
Tredjedivisjonsklubben Baune, gamleklubben til Os-trenar Hellevik, leia nyleg 1-0 til det sto 30 minutt igjen av treningskamp mot Åsane. Men så fekk dei tre mål imot.
- I ein del angrep har vi for mange som heng seg på. Baune har heldt på det dei lenge har vore gode på, struktur defensivt og farlege på overgangar. Dei gjorde ein god kamp på vår bane.
Låg under
Baune starta med å ta leiinga etter rundt eit kvarter og auka til 0-2 i 25. minutt. Stian Lunde reduserte til 1-2 ti minutt seinare.
I andre omgang utlikna Os på eit flott angrep der Torkel Hjertnes avslutta i 60. minutt. Christian Almeland gav Os leiinga i 70. minutt, men gjestane utlikna 8 minutt før slutt.
Desse spelte frå start for Os (4-3-3):
Kjetil Hansen, Baste Jonassen, Dani Bergstø, Endre Brenne, Remi Osebakken, Frode Buvik, Stian Lunde, Vegard Leikvoll Moberg, Mats Lespøe, Tim Henrik Sperrevik og Torkel Hjertnes.
I pausen blei 8 spelarar byta:
Anders Strønen inn for Hansen
Anders Glesnes - Jonassen
Kristoffer Sande - Brenne
Preben Borgen - Leikvoll Moberg
Christian Almeland - Lunde
Daniel Kalsted - Lepsøe
Espen Kolås kom inn for Sperrevik og Tom Skråmestø kom inn for Buvik, så dei to fekk begge spela mot tidlegare lagkameratar.
- I andre omgang brukte vi Torkel som spiss, det var som i kampen mot Nest-Sotra svært vellukka. Også Leikvoll Moberg og Lunde gjorde det godt i gårsdagens kamp, meiner Hellevik.
• Etter påske blir det treningskamp mot Fyllingen.
• Seriestart går på heimebane laurdag 17. april mot Kjelsås.
• Første NM-runde blir spelt 13. mai. Kvar og mot kven blir ikkje bestemt før etter
kvalifiseringrundane, som Os slepp når dei no er i 2. divisjon.
