|
Kjetil Vasby Bruarøy
tirsdag, mars 9, 2010 - 15:12
|
I 2009 blei det på landsbasis sett i gong bygging av 2.680.000 kvadratmeter bruksareal til bustad og 4.243 000 kvadratmeter til anna enn bustad. Dette tilsvarar ein nedgang frå 2008 på 20 og 24 prosent.
I Os blei det også starta færre prosjekt enn i 2008, frå 253 til 190 og frå 35.800 kvadratmeter til 28.500 kvadratmeter. Men det blei starta arbeid med rundt dobbelt så mange kvadratmeter som i 2007, 2006 og 2005.
Det blei også fullført fleire bustadar enn i 2007, men færre enn i 2008, 2006 og 2005, viser ferske tal for fjoråret frå ssb.no.
Statistikk for Os kommune:
| Igangsatte boliger | Fullførte boliger | Bruksareal igangsatte boliger (m²) | Bruksareal fullførte boliger (m²) | |
| 2005 | 104 | 113 | 13997 | 15367 |
| 2006 | 117 | 113 | 14988 | 14368 |
| 2007 | 106 | 80 | 14685 | 11953 |
| 2008 | 253 | 125 | 35789 | 17859 |
| 2009 | 190 | 92 | 28480 | 13646 |
3. størst i fylket
I Hordaland er det berre Bergen og Askøy kommune som har høgare byggeaktivitet enn Os.
På Askøy starta dei bygging av 237 bustadar på til saman 39.700 kvadratmeter i fjor, i Bergen 682 bustadar på til saman 91.000 kvadratmeter.
