Bygger vegen ferdig

midtsiden
Tilbod om gratis masser fekk Os kommune til å starta før tida. No blir arbeidet fullført. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
torsdag, juni 3, 2010 - 07:32

Vegen frå E39 til Sveo skal no byggast. Grunneigarar i området, som kan tena på den nye vegen, blir inviterte til å dela på rekninga.

I fjor vår byrja Os kommune brått å jobba med ny anleggsveg til Sveo. Årsaka var at kommunen hadde fått tilbod om gratis masser, men arbeidet var ikkje heilt koordinert frå administrasjonen så formannskapet stoppa dette om lag samstundes som det var slutt på gratis stein.

Området er regulert for ny veg, som blant anna kan fungera som omkjøringsveg når VA-anlegget langs eksisterande veg Jordmorsvingen-Sveo skal rehabiliterast.

Formannskapet gjekk tysdag inn for administrasjonen sitt forslag om å bygga ferdig vegen.

- Vi vil gjera det etter «Solstrand-modellen», slik vi nyleg gjorde i krysset mellom Hatvikvegen og Solstrandsvegen, der kommunen forskotterer, men grunneigarar som kan koma til å tena på tomtesal nær det utbetra området, er med på å ta rekninga når dei har fått realisert sine verdiar, seier ordførar Terje Søviknes.

Grunneigarar i Sveo, som etter at vegen er bygd kan få selt bustadtomter i området, får då ein pris per bueining som dei betalar til kommunen for den nye vegen.

Annonse

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no