Kontaktinformasjon

Kjetil Vasby Bruarøy
Øvre Varåsen 91
5200 Os

Mobil/SMS/MMS

+ 47 90 78 92 70
kjetil@midtsiden.no

Tips oss

Fredag 30. Juli

Droppar storkonsert

midtsiden
Slik såg det ut då oppvarmingsbandet Turbostipend gjekk på scenen før DeLillos i 2009. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
onsdag, mars 10, 2010 - 13:10
Publikumssvikt på konserten gav underskot på Vårsleppet i fjor. I år går Vårsleppet back to basic.

Vårsleppet i Os blei arrangert første gong i mai 2002. Med fleire bil- og båtutstillingar, vassjetkonkurranse i hamna, torghandel og aktivitetar for ungar blei det eit vellukka arrangementet og ein mal som blei følgt i nokre år.

I 2005 blei Vårsleppet supplert med tivoli og storkonsert, Hellbillies samla over 1000 i telt på Haugsneset og inntektene frå arrangementet auka. Seinare år kom Trang Fødsel, CC Cowboys og Hellbillies igjen i 2008, men då utandørs.

- 2008 blei rekord, med nesten 1600 på konsert og utan utgifter til stortelt. I fjor blei det dessverre ikkje like velluka, truleg mykje grunna det dårlege vêret, seier leiar for Os sentrumsforening, Renate I. Sundberg.

I mindre skala
Med meir enn 1000 færre gjestar enn året før gjekk DeLillos-konserten med stort underskot. Utan samarbeidspartnar å dela risikoen med vil ikkje sentrumsforeininga prøva seg på ny konsert med band i same prisklasse.

- Men det kan godt henda at vi arrangerer konsert i år også, vi har dialog med eit kjent og populært band som kan stilla til ein pris som ikkje gjer oss avhengige av så stort billettsal, seier Renate, som ikkje vil ut med kva band det er snakk om før styret har bestemt seg.

Tour for Kids
Sjølv om OSF er usikker på om det blir konsert er dei bestemt på å laga Vårslepp som før.

- Vårslepp blir det uansett, laurdag 8. mai er datoen. Vi vil tilbake til der vi starta når det gjeld utstillarmengd og type aktivitetar og tema. Bil, båt, motorsport - og aktivitetar for ungar som passar til eit vårslepp, stadfestar Sundberg.

I samarbeid med CK Henie blir det dessutan noko heilt nytt i år. Tour of Norway for Kids kjem til Os, og rittet kjem til å gå frå og til Os sentrum 8. mai. Les meir om rittet på tourkids.no.

Annonse

Kommentarer

Grunnen te at da ikkje kom så

Grunnen te at da ikkje kom så mange folk på fjorårets konsert, var bandet. DeLillos, er ikkje eit band man går ut og festar te. Ikkje er dei så dansbare heller! Hent inn Status Quo, eller Nazareth f.eks. Dei er nok ikkje dyrare enn mange av dei best betalte banda i Noreg. Og då hadde da garantert kome mykje folk!

Av Bjørn Aspevik 03/14/2010 - 19:43
konserter i Os

Hva ønsker osinger skal komme hit da?
Vil osinger stille opp når det skjer da.?
Store artister koster og det er dyre vakthold og politi i tillegg som skal ha sitt.
Scene koster også en god del.

Os kan få nesten hvem som helst til å underholde,men vil osinger ha det.

Kom med navn og ønsker så kansje det kan bli aktuelt å se dei.

Av musikkglad 03/10/2010 - 18:40
Er nok like greit...

Er nok like greit, med tanke på kem som faktisk blei invitert til å ha konsert.

Dei sku satsa på noken større artistar, som ville kunne dradd folk heilt fra byn! Då hadde det gått rundt!

Det er som å gå på cubus :P
Nye ting blir solgt, men når det er salg og dei drar fram da gamle greiene fra fleire år tilbake, så henger mesteparten igjen... :(
Sånn er det for det meste med musikken og... :/

På tide at noken på Os satser litt stort og setter i gang noke vi Osingar kan vere stolte av!

Av tombar 03/10/2010 - 18:04

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no