|
Kjetil Vasby Bruarøy
lørdag, mars 6, 2010 - 19:43
|
BA-cup er som eit Vestlandsmeisterskap, med deltakarar frå ulike divisjonar, og straffekast for å jamna ut eventuelle divisjonsforskjar. Fredag møtte Os Nornen sitt førstelag i cupen. Andrelaget til Nornen leiar Os si avdeling i serien, men førstelaget var ikkje gode nok til å slå Os.
- Vi skåra på to av dei tre straffane vi fekk i starten av kampen, på grunn av divisjonsforskjellen, og bortsett frå ein kort periode då vi låg under 20-21 så leia vi heile kampen, seier trenar Leif Idar Røen.
Os vann 26-24 etter å ha leia 14-13 til pause.
- Normalt skulle Nornen ha slått oss med rundt 15 mål, men sjølv om vi ikkje stilte med fullt lag fungerte vi 100 prosent i om lag heile den jamne og spennande kampen.
Røen meiner spesielt Trygve Dahl, Ove Lyssand, Joachim Nøkleby og Jørgen Wold leverte prima vare fredag kveld.
- Einar Godø, som redda tre-fire straffar, spelte også på sitt beste i går, legg han til.
Os sitt lag (skåringar i parantes):
Einar Godø, Charles Whiteley, Ove Lyssand (5), Stian Hjertholm (1), Ørjan Borgen, Trygve Dahl (4), Øystein Vindenes (1), Jørgen Wold (8), Kristian Bruarøy (1), Joachim Nøkleby (4), Daniel Røen. + 2 av 3 straffemål før kampstart.
