|
Kjetil Vasby Bruarøy
tirsdag, februar 2, 2010 - 22:41
|
Om Fyllingen rykker ned frå 1. divisjon og ingen rykker opp frå Os si 2. divisjonsavdeling går tre lag ned til 3. divisjon etter årets sesong. Os har blitt sårbare etter at dei blei straffa med 4 poeng i trekk tidlegare i vinter, men vann i dag ein viktig kamp.
- For Bergen HK og Nordnes er toget nesten gått. No var det viktig å plassera også NHHI bak seg, seier Os-trenar Kenneth Husebø.
Med 12 poeng ligg Os no 4 poeng framfor NHHI, 8 framfor Nordnes og 10 poeng framfor BHK.
God frå start
Os tok leiinga i kveldens bortekamp, ei stund var dei oppe i 7 mål framfor NHHI. Til pause leia Os 12-16.
- Vi hadde god kontroll. Maria var veldig god, kjørte fintar og starta mange fine angrep. Elise, som har jobba knallhardt på trening i det siste, hadde mange flotte skot og fortente å bli toppskårarar, meiner Husebø.
Os vann kampen 25-27 (12-16)
Os sitt lag (skåringar i parantes): Vibeke Ingebrigtsen, Madeleine Hjertnes (7), Malin Hjelle Berentsen, Tonje Hjertnes, Maria Stangeland Lunde (6), Hilde Krisine Røttingen (3), Elise Hjelle (8, 2 av dei på straffe), Trine Balland, Astrid Nybø og Irene Tangerås (3).
Neste kamp går på heimebane mot Kjøkkelvik sundag (kl 16.30). Os tapte bortekampen i haust etter ein dårleg 2. omgang, så sjansane er store for ein viss porsjon revansjelyst i Oshallen sundag.
