Eitt lag vidare

midtsiden
Frå kampen mellom Lysekloster og Tornado Bergen. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
mandag, mars 22, 2010 - 11:15

Lysekloster vann med eitt av laga sine då dei laurdag spelte to kvartfinalar i TBWL.

Laurdag var både Lysekloster 1 og det nyoppretta Lysekloster 2 i elden på heimebane. Kvarfinalane i Tornado Bergen sin vinterliga enda med éin siger til klubben som var vertskap for første runde i sluttspelet.

- A-laget imponerte mot god motstandar, men burde ha skåra endå fleire mål. Andrelaget, som stilte med fem gutespelarar, fekk god trening mot eit sjettedivisjonslag, seier trenar Ørjan Sandal.

Lysekloser 1 slo Tornado Bergen 5-0, Lysekloster 2 tapte 1-8 for Nordre Halsnøy.

Bomma på straffe
Grunna divisjonsforskjell starta Lysekloster 2 kvartfinalen med å ta straffe. Denne gjekk ikkje inn.

- Vi hadde nokre gode og nokre dårlege periodar. Dessverre kom ein dårleg periode tidleg, og då rann det inn 3-4 mål.

Frode Wold skåra kampens einaste heimemål.

Tre av Greipsland
At nyopprykka Lysekloster klarer 5-0 mot komande divisjonskollega, Tornado Bergen, er bra. Men Lysekloster har mål om opprykk med begge lag i dag, og burde ifølgje trenaren vore endå meir suveren.

- Vi gjorde det vi skulle i periodar, og då blei det både mål og mange sjansar. Men vi har endå litt å justera på før seriestart, dette er ein kamp der vi kunne ha skåra 7-8 mål.

Det sto 2-0 til pause i kampen der Thomas Greipsland skåra 3, Arvid Søvik 1 og Morten Buvik 1.

Semifinalen går mot vinnaren av kampen mellom Nore Neset og Hovding 2.

Annonse

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no