Kontaktinformasjon

Kjetil Vasby Bruarøy
Øvre Varåsen 91
5200 Os

Mobil/SMS/MMS

+ 47 90 78 92 70
kjetil@midtsiden.no

Tips oss

Fredag 30. Juli

Elv over veg

midtsiden
Elva som kjem ned frå Rødsfjellet klarte ikkje lenger å snika seg under vegen. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
fredag, mars 12, 2010 - 08:40
Det er ikkje berre snøras som blokkerer Øvredalsvegen for tida.

Torsdag blei Øvredalsvegen stengt på ubestemt tid grunna frykt for fleire snøras. Dei som bur i starten av vegen, i Lønningdal, er ikkje blant dei som er isolert. Men ei stund torsdag ettermiddag kom heller ikkje dei seg av flekken.

- Det skjedde brått. Eg kom heim igjen etter ein tur til sjøen då vatnet fossa imot meg - midt i vegen. På det verste vassa eg til låret i vatn, fortel Aase Lønningdal.

Elva som kjem ned frå Rødsfjellet renn vanlegvis under Øvredalsvegen, men i går var det ikkje plass til heile elva.

- Elva var stor og holet under vegen delvis sperra av snø. Bilane kunne vi gløyma å bruka, det var altfor djupt vatn i vegen, seier Aase.

Etter ei stund kom både folk frå nabolaget og brøytemannskap frå Os kommune til staden for å grava opp opning til elva.

Annonse

Relaterte saker

Kommentarer

=)

flotte bilder.... det var bra kommunen ordna opp =)

Av puze_jento 03/13/2010 - 00:39

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no