Kontaktinformasjon

Kjetil Vasby Bruarøy
Øvre Varåsen 91
5200 Os

Mobil/SMS/MMS

+ 47 90 78 92 70
kjetil@midtsiden.no

Tips oss

Fredag 30. Juli

Får fylla ferjene igjen

midtsiden
Fanafjord ein aprilkveld. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
onsdag, mars 17, 2010 - 23:27
Trond Giske grip inn i ferjesaka - Fjord1 kan førebels fylla ferjene igjen.

I førre veke bestemte Sjøfartsdirektoratet at gassferjene på Vestlandet måtte redusera passasjerkapasiteten med 150 frå rundt 600. Årsaka er ny tolking av kapasiteten til livbåtane om bord.

Men onsdag ettermiddag stoppa nærings- og handelsminister Trond Giske vedtaket, ifølgje ei pressemelding frå departementet.

- Det er naudsynt å sjå nærmare på denne saka, vi har derfor instruert Sjøfartsdirektoratet om å legga den fram for EU-kommisjonen, seier Giske.

Årsaka er at redningssystema til ferjene er er godkjente i EU.

- Vi må ha ei felles forståing med EU i denne saka før vi endeleg kan konkludera. Dersom Fjord1 skulle bli pålagt å utstyra ferjene med ekstra redningsflåter, vil dei få eit halvt år på å tilpassa seg.

Annonse

Relaterte saker

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no