Førebels utan løyve

midtsiden
Monica Flaterås og sambuaren Nils Eivind Søfteland håpar på å få arrangera autoslalåm i Os, helst på Ulvenvatnet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Formannskapet fekk tysdag ikkje tid til å sjå på søknaden om å driva motorsport på Ulvenvatnet.

Monica Flaterås og sambuaren Nils Eivind Søfteland var i førre veke klar for å arrangera autoslalåm på Ulvenvatnet. Men så viste det seg at løyvet kommunen hadde gjeve ikkje var gyldig, slike løyvesøknadar må opp til politisk handsaming.

- Vi har sendt ein ny, fyldig søknad, både for i år og neste år, seier initiativtakar og motorsportutøvar Nils Eivind Søfteland.

Fekk ikkje tid
Grunna vanskelege økonomiske forhold i Os kommune var det tysdag eit ekstraordinært møte i formannskapet. Ordførar Terje Søviknes sa før helga at det kunne bli aktuelt å sjå på søknaden, men tysdag ettermiddag kunne han opplysa om at det ikkje hadde blitt tid til dette.

- No vil vi kontakta kommunen og sikra oss at søknaden er innhaldsrik nok, slik at når dei ein gong får tid til å sjå på den, så skal alt dei treng for å ta ei avgjerd vera der.

Stort behov
Søfteland fortel at han har inntrykk av at behovet for å driva motorsport er stort i Os. Telefonen hans har ikkje stått etter at planane hans blei kjent.

- Dei arrangerte to løp i Norheimsund i fjor, men ingen i år. Det er synd at vi som har denne interessa må til Gol eller Sigdal for å kjøra, synes han.

Trygge rammer - også for 16-åringar
Monica Flaterås er leiar for NAF Motorsport i Bergen. Ho fortel at arrangementet dei har planar for vil bli arrangert etter klare retningslinjer frå Norges Bilsport Forbud, NBF.

- Det inkluderer blant anna førarmøte i forkant, eige møte med kjøretips til nye sjåførar og kjøring utan passasjerar.

- Dei einaste som har passasjerar er dei som er mellom 16 og 18 år, dei må ha med ein vaksen.

Kjegler, ikkje kappkjøring
Under bilda kan du sjå ein filmsnutt frå Hebbes Racing i Sigdal. Dette er banekjøring, ikkje autoslalåm, som osingane vil arrangera.

- Det er ikkje snakk om kappkjøring rundt og rundt på bane, autoslalåm er kjøring mellom kjegler på tid, ein og ein på banen. Dei to beste av tre rundar er teljande, forklarar Flaterås.

- Dette er sikkert underhaldande, men framfor alt er det nyttig trening og erfaring med glattkjøring. Vi held også på å sjå etter alternative område for kjøring, på land.

Relaterte saker

Emne:

Kommentarer

STÅ PÅ;)

stå på,vi er mangen som gleder oss til dette,
håper dere får det til.
bilsport er en veldig voksende sport i norge for tiden..
det er på tide det blir gjort noe i Hordaland og no.
VELLLDIG bra jobbet til dere Nils og Monica.
håper dere ikke gjir dere på dette
det blir garantert en sukses om det blir noe..

Av t.bandit 02/03/2010 - 16:17

midtsiden
Både i Bergen og på Tysnes har det den siste tida blitt stole påhengsmotorar.
Etter to ras på Øvredalsvegen på tre dagar blir også Søvikåsen stengt for trafikk.
midtsiden
Øvredalsvegen er stengt på ubestemt tid etter eit endå større ras enn det som gjekk måndag. (OPPDATERT)
midtsiden
Os Turn har fått ny leiar for hovudstyret og ny leiar for fotballgruppa.
midtsiden
Sundag inviterer Os Musikkforening til kammerkonsert med Os Vocalis og to kammergrupper frå Os og Kuventræ skulekorps.
midtsiden
Ei småbarnsmor fann denne sprøyta med blodig spiss ved Os barneskule onsdag ettermiddag.
midtsiden
Dei siste dagane har brannvesenet henta fire daude svaner.
midtsiden
BERAS vil raskast mogleg i gong med utviding og opprusting av Oshjørnet. No er arkitekt engasjert.
midtsiden
Publikumssvikt på konserten gav underskot på Vårsleppet i fjor. I år går Vårsleppet back to basic.
midtsiden
Det blei starta færre byggeprosjekt i Os fjor enn i 2008, men dobbelt så mange som i 2007.
midtsiden
Maya Vik og Montée slo blant anna Donkeyboy i kampen om Spellemannspris for beste popgruppe. Det får juryen skryt for.
midtsiden
Sportsjournalist i VG, Gunnar Bøthun, er nøgd med medalje i «det eldsta, det størsta och det lengsta».
Mannen som knuste ei rute i Os sentrum har møtt fram og ordna opp for seg.
midtsiden
Eit snøras sperra i formiddag Øvredalsvegen. Brøytemannskap rykte ut for å rydda.
midtsiden
Osbrua, eller Osøyro bru, skal bli tryggare for både mjuke og motoriserte trafikantar. Denne veka startar arbeidet.
Ein bil gjekk på tomgang på Søfteland i natt. Mannen bak rattet er mistenkt for promillekjøring.
midtsiden
Det største taket i Os, taket på Rema 1000 sitt lager i Ådnadalen, slapp ikkje unna snøskade.
midtsiden
Bortekampen enda med stortap, heime var Os, trass i fleire skadde spelarar, langt betre.
midtsiden
Søviknes fekk fleire utfordringar då han opna musikkbingen på Kuventræ i går. Axelsen hadde dessutan ei overrasking på lur.

Vaktar sprang etter mannen som knuste ei rute i Os sentrum i natt.

midtsiden
I fjor var det ORBO & The Longshots, i år sørgja Maya Vik for Spellemannspris til Os.
midtsiden
Nornen 2 leiar Os si avdeling i serien, Nornen sitt førstelag blei fredag slått av Os i BA-cup.
midtsiden
To osingar inviterer til Os Snow Challange, triksekonkurranse for ski- og snowboardkjørarar på bigjump i Elvebakken.

Fredag henta ambulansen eit overdoseoffer på Lepsøy.

Stein Ove Halhjem var ein av fleire osingar som erstatta advent i heimbygda med tur til Kilimanjaro.

Politiet sendte to personar til legevakt for sjekk etter slåsskamp i Os nord fredag kveld.

midtsiden
Vi fekk sjå Norske Talenter-deltakar Geir Magne Johnsen på skjermen i kveld, men ikkje audition eller resultat.
midtsiden
Kunnskap og kultur: Med quiz på Opus og jam på Bar2Be er torsdagskvelden innhaldsrik på utelivsfronten i Os.
midtsiden
... så ville Os fått operahus. Det nærmar seg generalprøve og premiere på Nor å Ne sin kOSekveld.
midtsiden
2 av 24 lag i Tornado Bergen sin vinterliga er klar for kvartfinale. Begge heiter Lysekloster.
midtsiden
- Vi har kjørt på med snø heile veka, seier Fredrik Tønjum ved Eikedalen Skisenter.
midtsiden
Frå sol til slaps - torsdag ser ut til å bli siste dag med skyfri himmel på ei stund, regn og vind er på veg.

Politiet slo onsdag kveld til mot eit husvære der to ungdomar misbrukte narkotika.

midtsiden
I haust var overgangen nesten ferdig. Kvifor er den framleis ikkje ferdigstilt og i bruk?

Fleire gongar truga han med å drepa mora si. No må osingen i fengsel.

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil (a) midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
Macbox as
mnn (a) macbox.no
drupal cms