|
Kjetil Vasby Bruarøy
søndag, april 26, 2009 - 21:03
|
Sundag blei ein dårleg dag for den eksklusive Rodman 56. I 12-tida i dag kjørte den på halvplan forbi Vedholmen Landhandel, så båtane som låg ved butikken knuste til kai. Underteikna kjørte etter og tok båten igjen utanfor Kvalsundet.
Føraren, ein høfleg mann i 60-åra, fekk beskjed om at dette var båtkjøring av verste sort. Han beklagde feilvurderinga og lovde å legga båten av plan neste gong. No spørs det om det blir noko "neste gong" denne sommaren.
Kjørte på land
Klokka 14.19 i dag fekk Hovedredningssentralen på Sola melding om at ein over 50 fot lang båt hadde gått på land ved Skotøya utanfor Drange, og at den tok inn mykje vatn. Redningsskøyta "Bjarne Kyrkjebø" kom for å hjelpa båten - ein Rodman 56.
- Vi klarte ikkje å pumpa ut nok vatn til å halda den flytande, så den ligg no på botnen, opplyser ein frå "Bjarne Kyrkjebø" til midtsiden.no.
Skulle seljast for 7 millionar
Operasjonsleiar Ronny Lentføhr i Hordaland politidistrikt seier at det var éin person om bord i båten, og at han kom frå det utan skader.
Båten er den same som midtsiden.no var i kontakt med tidlegare på dagen, og truleg den same som fram til no låg til sals på Finn.no for 7 millionar kroner.
Om føraren er den same veit vi ikkje. Båten er over 50 fot. Lentføhr seier dette førebels ikkje er ei politisak, og at dei derfor ikkje veit om føraren hadde papirer til å føra båten.
