|
Kjetil Vasby Bruarøy
fredag, mars 19, 2010 - 13:02
|
I år feirar Norges Husflidslag 100 år. Samstundes er Hordaland Husflidslag 115 år og Os Husflidslag, som er eit av 24 lokallag, 70 år.
- Sidan den runde dagen vår kom på same dag som jubileet til Norges Husflidslag vil vi markera 2010 litt ekstra lokalt, seier leiar for Os Husflidslag, Åshild Orrebakken.
Bunad med ekstra sjel
Kvar vår og haust er det ny kurssesong i Os Husflidslag. Kurs relatert til bunad er største og viktigaste aktivitet.
- Bunadsmontering, kvitsaum og perlekurs er dei mest populære. Deltakarane lager eigen bunad på kurset, noko som gjer at dei både får den til rundt halv pris og slepp å stå på venteliste hos andre som syr bunad, seier Åshild.
- Dessutan får dei ein bunad som kanskje blir sett ekstra stor pris på, det er noko eige med det du eller ein slektning sjølv har laga.
Ungar og småbarnsmødre
Då Os Husflidslag blei stifta hadde dei 103 medlemmar. I 2010 er dei ikkje langt unna gamle høgder, sidan 2005 har nemleg medlemstalet auka frå 51 til 75.
- Vi har kurs for ungar mellom 10 og 14 år, og vi har for ikkje så lenge sidan starta strikkekafé, som har blitt veldig populær.
På strikkekafeen er det fleire småbarnsmødre som deltar. Desse er saman med ungane med på å halda liv i norsk og lokal handarbeidstradisjon.
Med stove frå krigen
Os Husflidslag blei stifta 13. februar 1940, altså knappe to månadar før tyskarane invaderte Noreg. Framleis er det restar etter krigen i laget.
- Yrkesstova, som laget bygde saman med Os Bondekvinnelag, blei innvia i 1946. Stova er bygd av tyskarbrakker som sto på Hatvik under krigen, fortel Orrebakken.
Det er i Yrkesstova i Finnebrekka laget held kurs- strikkekafé og andre aktivitetar.
Årsmøte i Os
Frå i dag til sundag skal Hordaland Husflidslag ha årsmøte på Bjørnefjorden Gjestetun på Os, der både 100-årsdagen, 115-årsdagen og 70-årsdagen skal markerast av 51 påmeldte deltakarar.
Styreleiar i Norges Husflidslag Vibeke Mohr skal i kveld presentera organisasjonen sine jubeleumsaktivitetar, noko også ordførar Terje Søviknes skal vera med på.
Laurdag kveld er det middag på gjestetunet, der leiar for Hordaland Husflidslag, Britt-Mari Hesjedal, vil overrekkja ei jubileumsgåve til alle lokallaga. Dette er reperbane-utstyr for barn og unge. Den same dagen blir det også besøk på Oselvarverkstaden, YRIOS kultursenter og Os Husflidslag sitt hus i Yrkjesstova.
Tar fram vevane
Sundag blir helga avslutta med praktisk kurs der deltakarane får læra å veva band på fotvev.
- Os Husflidslag heldt vevkurs fram til 1980. Dette skal vi no byrja med igjen, for første gong på 30 år.
- Vi har mange vevar på lager og tar fram rundt 8 av dei når vi no startar opp igjen, seier Åshild Orrebakken.
