Flott Ole Bull-feiring

midtsiden
Elevane ved Lysekloster skule samla seg i dag i musikkrommet på skulen. Denne kaka var hovudattraksjonen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I dag er det 200 år sidan Ole Bull blei fødd. På Lysekloster skule blei jubileet markert med stil.

Nokre hundre meter frå Ole Bulls villa på Lysøen, staden der Ole Bull døydde 17. august 1880, blei 200-årsjubileet for fødselen hans i dag markert med stil. Lysekloster skule samla alle elevane i musikkrommet, for å høyra om «Noregs første superstjerne», synga bursdagssong og høyra fiolinmusikk.

SJÅ FILM OG FLEIRE BILDE FRÅ FEIRINGA NEDST I ARTIKKELEN

- Dette er samstundes starten på vår markering av jubileumsåret, vi har fleire ting som skjer i løpet av året, seier rektor Ole Lars Strønen.

Som Michael Jackson
Ungane humra då rektoren, som i dag stilte i smoking og hatt, viste kva funksjon splitten i jakken hadde på den tida Ole Bull var ung. Elevane virka like interesserte då han fortale om Ole Bull, og samanlikna han med Michael Jackson.

- Ole Bull var ei superstjerne, og han tente mykje pengar. Men han likte også å bruka pengar, ikkje minst på venane sine. Derfor gjekk det litt opp og ned med han, forklarte Strønen.

Ole Bull-rap
I løpet av året skal elevane ved skulen laga ei framsyning med musikk, dans og teater.

- I første omgang blir denne for foreldra, men kanskje blir det slik at vi leiger eit større lokale og let andre koma og sjå, seier musikklærar Anne-Kristin Naurstad.

- Vi skal legga til rette for at alle elevane skal vera med. Den eine songen skal for eksempel starta med dei yngste, for så å gå over til ein rap-versjon av dei eldste elevane. Vi skal prøva å ta Ole Bull til 2010.

Song og matematikk
Då elevane samla seg i musikkrommet på bursdagen til Ole Bull i dag, starta dei med å gå ein runde rundt ei 1,5 meter lang kake elevane i 3. klasse hadde baka. Så var det bursdagssong og framføring av «I ensomme stunde» av Anna Sofie Naurstad (8).

- Vi har ikkje hatt så mykje om Ole Bull som person, men om musikken hans, seier Anna Sofie, dottera til musikklærar Naurstad og elev ved Bergen kulturskule.

Etter musikkinnslaga blei det servert kake i klasseromma. Elisabeth Nedrelid, lærar for bakarane i 3. klasse, fortel at det ikkje berre gjekk i kokekunst då kaka skulle bakast.

- Vi måtte også passa på at vi hadde nok til alle, så då måtte elevane rekna ut kor stor kaka måtte vera og kor mange langpanner som måtte steikast før vi sette den saman. Resultatet blei seks, men det såg så lite ut at vi lagde åtte panner, fortel Elisabeth.

Under bildeserien kan du sjå film frå feiringa. Foto: Varde Film og Media.

Relaterte saker

Emne:

midtsiden
Osingen Bjarte Haugsdal spelar frå start for Brann i dagens serieopning mot Haugesund.
midtsiden
Medan Jørgen Wold var på jobb på Europris blei bilen hans ripa opp på eine sida.
midtsiden
Sverre Lunde Pedersen gjekk nesten heilt til topps i Moskva.
To unge menn blei tatt med til lensmannskontoret etter ransaking.
Politiet hadde trafikkontroll i Hjellemarka fredag kveld. Blant 150 kontrollerte var det berre to reaksjonar.
midtsiden
Det blir ein forsmak på laguttak når Os i morgon spelar treningskamp på Kuventræ mot Stord og Valestrand.
midtsiden
Olsenbanden møter Michael Jackson når to kor sundag går på scenen i Fjellheim.
midtsiden
- Har sparekniven nådd dei tilsette? spør ein av lesarane våre.
midtsiden
Det er ikkje berre snøras som blokkerer Øvredalsvegen for tida.
midtsiden
Åtte bustadar blir isolert i fleire dagar etter at Os kommune bestemte å stenga Øvredalsvegen.
midtsiden
Både i Bergen og på Tysnes har det den siste tida blitt stole påhengsmotorar.
Etter to ras på Øvredalsvegen på tre dagar blir også Søvikåsen stengt for trafikk.
midtsiden
Øvredalsvegen er stengt på ubestemt tid etter eit endå større ras enn det som gjekk måndag. (OPPDATERT)
midtsiden
Os Turn har fått ny leiar for hovudstyret og ny leiar for fotballgruppa.
midtsiden
Sundag inviterer Os Musikkforening til kammerkonsert med Os Vocalis og to kammergrupper frå Os og Kuventræ skulekorps.
midtsiden
Ei småbarnsmor fann denne sprøyta med blodig spiss ved Os barneskule onsdag ettermiddag.
midtsiden
Dei siste dagane har brannvesenet henta fire daude svaner.
midtsiden
BERAS vil raskast mogleg i gong med utviding og opprusting av Oshjørnet. No er arkitekt engasjert.
midtsiden
Publikumssvikt på konserten gav underskot på Vårsleppet i fjor. I år går Vårsleppet back to basic.
midtsiden
Det blei starta færre byggeprosjekt i Os fjor enn i 2008, men dobbelt så mange som i 2007.
midtsiden
Maya Vik og Montée slo blant anna Donkeyboy i kampen om Spellemannspris for beste popgruppe. Det får juryen skryt for.
midtsiden
Sportsjournalist i VG, Gunnar Bøthun, er nøgd med medalje i «det eldsta, det størsta och det lengsta».

Mannen som knuste ei rute i Os sentrum har møtt fram og ordna opp for seg.

midtsiden
Eit snøras sperra i formiddag Øvredalsvegen. Brøytemannskap rykte ut for å rydda.
Stein Ove Halhjem var ein av fleire osingar som erstatta advent i heimbygda med tur til Kilimanjaro.
midtsiden
Osbrua, eller Osøyro bru, skal bli tryggare for både mjuke og motoriserte trafikantar. Denne veka startar arbeidet.

Ein bil gjekk på tomgang på Søfteland i natt. Mannen bak rattet er mistenkt for promillekjøring.

midtsiden
Det største taket i Os, taket på Rema 1000 sitt lager i Ådnadalen, slapp ikkje unna snøskade.
midtsiden
Bortekampen enda med stortap, heime var Os, trass i fleire skadde spelarar, langt betre.
midtsiden
Søviknes fekk fleire utfordringar då han opna musikkbingen på Kuventræ i går. Axelsen hadde dessutan ei overrasking på lur.

Vaktar sprang etter mannen som knuste ei rute i Os sentrum i natt.

midtsiden
I fjor var det ORBO & The Longshots, i år sørgja Maya Vik for Spellemannspris til Os.
midtsiden
Nornen 2 leiar Os si avdeling i serien, Nornen sitt førstelag blei fredag slått av Os i BA-cup.
midtsiden
To osingar inviterer til Os Snow Challange, triksekonkurranse for ski- og snowboardkjørarar på bigjump i Elvebakken.

Fredag henta ambulansen eit overdoseoffer på Lepsøy.

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil (a) midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
Macbox as
mnn (a) macbox.no
drupal cms